fredag 3. juli 2009

Om aa plumpe bort i rare opplevingar.

Paa etappen vi gjekk i dag, som ikkje var lenger enn 15 km, vart vi kontakta av eit filmteam som ville ha oss med i ein film, oppdaga, kan ein vel paa ein maate seie:)
Vi skulle ha oss ei lita pause og ein god kopp te paa ein cafeteria langs vegen. Medan eg var inne og bestilte te, kom ein kar bort til mannen min og spurde om vi ville vere statistar i ein film, han kunne ikkje saa mykje engelsk, saa naar eg kom ut forklarte han paa spansk/engelsk at dei lagar ein film for galisisk television om ein ung gut og ein prest i rullestol som er saman paa caminoen, vaar oppgaave skulle vere aa kome gaaande og be den unge guten om aa ta eit bilete av oss. Morsomt, syntest vi, saa eg ga han telefonnummeret mitt, saa skulle han ringe oss kl. 17.30. Vi var daa for lengst installerte paa alberguet og klar for action. Den same karen kom og henta oss og koeyrde oss ein og ein halv dagsetappe paa nokre faa minutt, der installerte filmteamet seg og vi fekk beskjed om aa gaa over ei gammal, lita steinbru. Etter tre turar over brua, der den eine gongen vart avbroten av ein bil som kom, var dei fornoegde, saa vart vi filma bakanfraa til vi runda naeraste gatehjoerne. Til slutt vart det fotografering saman med heile teamet, saa vi har nokre skrytebilete aa vise til, foer vi vart koeyrde tilbake til byen vi skal overnatte i. Vi har faat lovnad paa ein dvd naar filmen er ferdig produsert:) Ellers har vi ete god middag og hoeyrt paa spennande pilgrimmar fraa Soer- Afrika og Frankrike som hadde mykje interessant aa fortelje om fraa vandringa si. Vi er ved godt mot, to dagar med korte etapper har gjort underverk for saare foeter, saa i morgon har vi planar om ei lang etappe igjen, saa blir det ein kort veg fram til maalet soendag:)

3 kommentarer:

  1. Så flott! Strikkebesta i filmverda! Du må vise oss noen bilder når du kommer hjem! Ha det riktig fint!

    SvarSlett
  2. Godt å høyre at dokke e vel framme med tærne i behold! Og ikkje minst fekk ej hakeslepp når ej las at forendra mine bokstavlig talt he gått (seg) bort å blitt filmstjerner på sine eldre dagar. Då e det håp for mej og ungpikedrømmane mine fortsatt :o)

    SvarSlett
  3. Så mye artig dere opplever på denne pilgrimsturen. Tenk å bli filmstjerner da, det må da være et spennende avbrekk i vandringa.
    Ha en god tur videre.

    SvarSlett