mandag 10. mai 2010

Første rokken min er utsliten

No er overskrifta ei sterk overdriving, det hadde vore for gale om ein rokk ikkje skulle halde meir enn eit halvt år, særleg når eg ikkje har spunne meir enn knappe  to kilo tråd på denne tida, men eg har faktisk skifta ut rokken.

ferdigtrådpage

Eg oppdaga nemleg at det låg eit tynt lag med metallstøv på trøene og golvet under rokken, ved nærare ettersyn oppdaga vi at foringane på fløytene var heilt skeivslitne.

utslitenpage

Det skulle ikkje meir til enn eit par bilete i ein
e-post, så var ein ny rokk på veg. Gamlerokken pakka eg i emballasjen som den nye kom i og returnerte til forhandlar – utan kostnader for meg:) God service, spør du meg!

Den første rokken peip og ula når eg spann, medan nyerokken er heilt stillegåande, sikkert eit teikn på at den siste er i orden:)

No har eg fått vaska dei siste hespene eg har spunne, og eg har funne ei oppskrift som eg vil bruke silke-merino-tråden på – ein bolero som eg fann på Drops, det skal bli bil-strikke-prosjekt til og frå Oslo:)

til tørkpage

10 kommentarer:

  1. Det er så artig at du spinner og spinner!
    Synd at rokken ble syk, men du handlet med et bra firma, høres det ut for!
    Klem!

    SvarSlett
  2. Såå mykje flott garn du har spunne, og så bra at du fekk så god service. Det er utruleg kjekt å strikka av sjølvspunne garn. Det må berre opplevast!

    SvarSlett
  3. God service. Det er slik det skal være :)

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Hei igjen !
    Sikkert spesielt å strikke av sjølvspunne garn. Håper du får ein fin strikketur til Oslo. Det blir vel mindre av strikking når du er komen fram, tenker eg. For då blir du vel oppteken av å "snuse" barnebarn ! Kos dokke !

    SvarSlett
  6. Gratulerer med ny rokk!
    Ei slik spinnekjærring må ha ordentlig rokk må vite!!!!! Ha en fin tur til Oslo og kos deg riktig mye med barnebarn!! Klem!

    SvarSlett
  7. Det brukar å ordne seg for snille jenter veit du... og så hjelper det vel litt på at ein handlar med seriøse forhandlarar også *blunk*
    Du må ha ein utruleg spennande hobby i dette... og det må vera noko spesielt å strikka seg plagg av sjølvspunne garn!
    Riktig god Oslotur,og lukka til med nyerokken:0)

    SvarSlett
  8. Flinke og gode Kristin! Eg er heilt imponert! Det har vore laber innsats i blogverda siste tida, men slik er det alltids... Eg kjem sterkare tilbake. Inntil vidare får du ha ein god dag vidare og ei kjempegod langhelg. Me reiser til hytta i ettermiddag. Klem

    SvarSlett
  9. Så flott det garnet ditt er blitt. Ser veldig mykt og godt ut.
    Jammen har du vært heldig med leverandør av rokken, det er ikke alle som er så greie.
    Jeg kjøpte meg et par hip.hop sko da jeg begynte på dansekurs og da jeg skulle prøve de viste det seg at jeg hadde fått to venstresko og i to forskjellige størrelser. Men jammen var det så vidt jeg fikk byttet de inn.
    Ønsker deg ei flott helg.

    SvarSlett
  10. Så flott, og så spennande..
    Er litt misunnelig på alle som kan karde og spinne..

    SvarSlett