mandag 28. juni 2010

Endeleg vart det!

I dag var vêrforholda gode nok til at eg fekk mannen min med på padletur:)

Endeleg kajakktur 006

Sidan vi ikkje har naust eller sjørett er det litt problematisk å oppbevare kajakkane, men oppfinnarmannen min har tenkt ut noko som vi, han og eg, synest er smart:Litt ut på sommaren skal vi på båttur, og då vil vi sjølvsagt ha med kajakkane, kva er då betre enn å lage til plass til dei på taket på båten?
Der er dei no lagra når dei ikkje er i bruk. Praktisk synest vi, heilt skrullete synest ungane våre, det ser ut som vi er tyske bobilturistar i båt, hevdar tjueåringen, han forstår visst ikkje at slike kommentarar berre er litt krydder for oss gamlingane:)

Vi treng nok litt øving før vi kan kalle oss fullbefarne padlarar, særleg er det ombord-  og ilandstiginga som valdar oss problem. Vi klatrar ned badestigen bak på båten og stig opp i kajakken derifrå, det har gått bra så langt. Når vi skal motsett veg er det enda vanskelegare, men berre ei treningssak, seier mannen min.
I dag var han uheldig og fekk seg eit ufrivilleg bad:) Friskt, med berre 13 grader i lufta og nokre grader kaldare i sjøen!

Vi fekk no prøvd ut samarbeidet, det er ikkje berre enkelt å tøme ein kajakk som har gått rundt og er full i sjøvatn, men jammen greidde vi det til slutt:)

Det å site i kajakken og padle avgarde  - i passe tempo -  langsmed land - i roleg sjø - er berre heilt nydeleg, 

Endeleg kajakktur 008

 

 Endeleg kajakktur 001 å finne seg ein holme og gå i land for å kose seg med niste er også herleg, det var ein del av turen vår i dag:)

Endeleg kajakktur 003

11 kommentarer:

  1. Jippi! Gratulerer! Stolt av deg! Vinjar og eg var innom denne kvelden for å sjå på kajakkane( før de for avgarde, sikkert), men me for padlande til Håkonsholmen, før me vende nasa heim til støa. Nydeleg tur, trass regn og skodde. Kvar i verda for dokke, då? Ha ei fin veke! Klem

    SvarSlett
  2. Så tøffe dere er!
    Ja det ser helt herlig ut å sitte sånn å padle...virker SÅ fredfylt! Det jeg ville vært redd for er å gå rundt, DA hadde jeg nok fått panikk og druknet:)

    Syns det hørtes lurt ut jeg med kajakkene på båttaket:)
    Klem Turid!

    SvarSlett
  3. Så koselig det ser ut :) Håpe dokke får kosa dokke masse med kajakkane :)

    Ha en flott mandag :)

    SvarSlett
  4. Det høres herlig ut, men å falle i sjøen i disse gradene, høres ikke herlig ut;)

    Ha ei fin uke og klem fra meg;)
    P.s. så fint du har fått det her inne!!

    SvarSlett
  5. Så herlig det ser ut. Stille og rolig og tett på naturen.

    SvarSlett
  6. Dette så friskt og herlig ut. Ingen ting er som å kjenne at naturen river i kinnene.
    Ha en god uke

    SvarSlett
  7. So artig !! Dokke e no so spreke. Sikkert kjempekjekt. Sjølv har eg slik vannskrekk at det er på grensa til at eg går ut når det regnar.

    Håper at dokke får masse anledning til å bruke dei !

    Tusen takk for hyggelig besøk på bloggen min og velkommen igjen!

    God sommarkveld!

    SvarSlett
  8. Siden du var så kjapp til å kommentere hos meg denne gangen, så kommer det en liten gave i postkassa til deg :) Men jeg har dårlig arkiv, så jeg får for sikkerhets skyld be om at du sender navn og adresse til gamleheksa@online.no

    SvarSlett
  9. Så herlig tøffe dere er. Det finnes som regel en løsning på alt og jeg synes dere løste kajakkproblemet på en suveren måte. At det blir noen ufrivillige bad i begynnelsen, må en vel bare regne med. Lykke til videre med padlingen.

    Så flott bilde du har fått i headingen din. Skikkelig fint.
    Håper du får en fin uke.

    SvarSlett
  10. Ååh, ser så kjekt ut Kristin! Skulle ønske vi kunne ha tatt ein klassetur ein gong å padla, det hadde våre kjempe artig! Ha ein fin sommar vidare :)

    SvarSlett
  11. Så modig du er....
    Eg gjer ingenting som kan medføre vatn over hovudet! Men glad i båtliv og sjøen, er eg...

    Ha ein flott sommar.

    SvarSlett