I dag var vêrforholda gode nok til at eg fekk mannen min med på padletur:)
Sidan vi ikkje har naust eller sjørett er det litt problematisk å oppbevare kajakkane, men oppfinnarmannen min har tenkt ut noko som vi, han og eg, synest er smart:Litt ut på sommaren skal vi på båttur, og då vil vi sjølvsagt ha med kajakkane, kva er då betre enn å lage til plass til dei på taket på båten?
Der er dei no lagra når dei ikkje er i bruk. Praktisk synest vi, heilt skrullete synest ungane våre, det ser ut som vi er tyske bobilturistar i båt, hevdar tjueåringen, han forstår visst ikkje at slike kommentarar berre er litt krydder for oss gamlingane:)
Vi treng nok litt øving før vi kan kalle oss fullbefarne padlarar, særleg er det ombord- og ilandstiginga som valdar oss problem. Vi klatrar ned badestigen bak på båten og stig opp i kajakken derifrå, det har gått bra så langt. Når vi skal motsett veg er det enda vanskelegare, men berre ei treningssak, seier mannen min.
I dag var han uheldig og fekk seg eit ufrivilleg bad:) Friskt, med berre 13 grader i lufta og nokre grader kaldare i sjøen!
Vi fekk no prøvd ut samarbeidet, det er ikkje berre enkelt å tøme ein kajakk som har gått rundt og er full i sjøvatn, men jammen greidde vi det til slutt:)
Det å site i kajakken og padle avgarde - i passe tempo - langsmed land - i roleg sjø - er berre heilt nydeleg,
å finne seg ein holme og gå i land for å kose seg med niste er også herleg, det var ein del av turen vår i dag:)
Jippi! Gratulerer! Stolt av deg! Vinjar og eg var innom denne kvelden for å sjå på kajakkane( før de for avgarde, sikkert), men me for padlande til Håkonsholmen, før me vende nasa heim til støa. Nydeleg tur, trass regn og skodde. Kvar i verda for dokke, då? Ha ei fin veke! Klem
SvarSlettSå tøffe dere er!
SvarSlettJa det ser helt herlig ut å sitte sånn å padle...virker SÅ fredfylt! Det jeg ville vært redd for er å gå rundt, DA hadde jeg nok fått panikk og druknet:)
Syns det hørtes lurt ut jeg med kajakkene på båttaket:)
Klem Turid!
Så koselig det ser ut :) Håpe dokke får kosa dokke masse med kajakkane :)
SvarSlettHa en flott mandag :)
Det høres herlig ut, men å falle i sjøen i disse gradene, høres ikke herlig ut;)
SvarSlettHa ei fin uke og klem fra meg;)
P.s. så fint du har fått det her inne!!
Så herlig det ser ut. Stille og rolig og tett på naturen.
SvarSlettDette så friskt og herlig ut. Ingen ting er som å kjenne at naturen river i kinnene.
SvarSlettHa en god uke
So artig !! Dokke e no so spreke. Sikkert kjempekjekt. Sjølv har eg slik vannskrekk at det er på grensa til at eg går ut når det regnar.
SvarSlettHåper at dokke får masse anledning til å bruke dei !
Tusen takk for hyggelig besøk på bloggen min og velkommen igjen!
God sommarkveld!
Siden du var så kjapp til å kommentere hos meg denne gangen, så kommer det en liten gave i postkassa til deg :) Men jeg har dårlig arkiv, så jeg får for sikkerhets skyld be om at du sender navn og adresse til gamleheksa@online.no
SvarSlettSå herlig tøffe dere er. Det finnes som regel en løsning på alt og jeg synes dere løste kajakkproblemet på en suveren måte. At det blir noen ufrivillige bad i begynnelsen, må en vel bare regne med. Lykke til videre med padlingen.
SvarSlettSå flott bilde du har fått i headingen din. Skikkelig fint.
Håper du får en fin uke.
Ååh, ser så kjekt ut Kristin! Skulle ønske vi kunne ha tatt ein klassetur ein gong å padla, det hadde våre kjempe artig! Ha ein fin sommar vidare :)
SvarSlettSå modig du er....
SvarSlettEg gjer ingenting som kan medføre vatn over hovudet! Men glad i båtliv og sjøen, er eg...
Ha ein flott sommar.