mandag 9. mars 2015

Strikking, ja

Ein gong i tida var det interessa for strikking som førte til at eg starta bloggen, og no er det jammen lenge sidan forrige strikkeinnlegg. Men strikkar gjer eg, jamt og trutt. Lestar for det meste, også i Afrika - og på reisa til og frå.


Stort sett går det i Kerrtu. Det mønsteret sit i fingrane, og lestane sit tett og godt å foten.
Det hender at eg strikkar eitt og anna par i vanleg to rette og to vrange som ei avveksling.
Og eg er like dårleg på å feste endar som eg alltid har vore så dei ligg no her berre....

Men litt meir avveksling har det sjølvsagt vore no når eg har fått eit nytt barnebarn:)
Foreldra ynskte køyredress, det var ikkje vanskeleg å finne oppskrifter på nettet og eg foreslo ein med Mariusmønster. Ja, det var greitt om eg strikka han lik gensaren som pappaen hadde fått tidlegare, det var ei forenkla utgåve med berre to fargar. Og slik vart det.


Der var att mykje tråd når dressen vsr ferdig så det vart hue


Lestar


Og vottar i tillegg


Her er far og son i likt antrekk:)


Og endå så var det igjen tråd slik at eg begynte på ein gensar str.6 mnd., men no ser eg at eg ikkje får nok, så enten må eg kjøpe eit nytt nøste i eit anna parti - og risikere fargeforskjel -eller så må eg inndra vottane når vinteren er slutt og rekkje dei opp slik at gensaren kan bli ferdig:)

3 kommentarer:

  1. Gratulerer med vesle Oskar !!! Så nydelig han er ! Og samtidig kondolerer med broren din.
    Strikke det kan du, Strikkebesta ! flotte lestar og flot kjøredress. Du lurer sikkert på kva eg gjer her. Svaret får du no: Eg har kjent på eit bloggesug i magen i heile dag. Eg sette meg ned, rydda litt i bloggen, skreiv eit lite innlegg, og no er eg på ei lita helsingsrunde i bloggeland. Ønsker deg ein fin kveld vidare.

    SvarSlett
  2. Som far, så sønn! Flott bilde av to kjekke karer!
    Nydelige sokker du har strikka!

    Klem

    SvarSlett
  3. Gratulerer med nytt barnebarn. Så flott å ha ei mor/bestemor som strikkar. Og så mange flotte sokkar. Tar du imot bestilling. Eg kan feste trådane sjølv, altså.

    SvarSlett