søndag 15. november 2015

Juli, den lange båtferien, del 2


-->
Vi vart etter kvart godt kjende i Mandal. Sommarveret let vente på seg, så vi vart liggande i ro i tre dagar, dvs. vi måtte no røre litt på oss, kunne ikkje berre sløve om bord i båten, sjølv om eg for min del hadde laga meg til med både bokhylle og mykje strikketråd nede i lugaren. 

Det vart både spaserturar, sykkeltur og kajakktur. Ovanfor havna ligg ein paviljong  plassert på eit fint utsiktspunkt. Vi fann ut at det var fleire vegar som førte dit, så ein tur opp til paviljongen hadde vi dagleg. Der kunne vi sjå havna og langt utover leia. Vi rusla også tur til Sjøsanden, men bading vart det ikkje.


Ein dag tok vi med niste og padla oppover Mandalselva, det var sterk motvind i tillegg til at vi padla motstraums, så ein periode føltes det som vi ikkje kom oss av flekken. Etter at vi hadde lagt bak oss sentrum av byen, padla vi gjennom eit fint landskap med vannliljer og andre vekster. 




Det var ikkje akkurat nokon dagstur vi la ut på, meir ein kosetur med innlagt rast ved elvebredda før vi padla tilbake til båten.

Laurdag tok vi syklane på land og tenkte å sjå oss om litt lenger avgarde, men vi hadde ikkje før fått føtene på pedalane før styrtregnet kom. Vi søkte ly ved ein byggvarebutikk til byga var over og prøvde oss vidare når det roa seg litt. Vi har ulike interesser, Ånund ville sjå om han fekk inspisert eit marinefartøy som var under bygging, eg hadde meir lyst til å få trimme litt, så etter bomtur bortom verftet, der det sjølvsagt var adgang forbudt og med meir regn i hovudet, valde han å finne seg ein kafe medan eg fortsette inn på ein flott sykkelsti som eg kunne fylgje eit bra stykke mot Trægde.  Eg sykla så langt sykkelstien gjekk, og kjende at det gjorde godt å få bruke kroppen litt igjen.


Til fødselsdagen min i juni ønskte eg meg hybelkomfyr som vi kunne ha med i båten. Det fekk eg, veit du, og sjølv om den måtte stuast ned i lasteromet når den ikkje var i bruk, så hadde vi god nytte av den, blant anna vart det laurdagspizza, akkurat som heime, eller nesten, eg hadde ikkje med kjevle, og steikebrettet var lite, så det vart ein mektig tjukk botn på pizzaen.


Neste dag var vind og ver såpass at vi kunne fortsette turen, då tøffa vi oss austover til vi  enda opp i Arendal, då hadde vi passert fotoboksa ved Trægde, som vi hugsa frå turen i 2010,


vi hadde vore innom Søgne og bunkra den dyraste dieselen på heile turen 


og vi hadde leita etter ledig plass i både Lillesand og Grimstad, så det var kjekt at ein seglbåt skulle til å reise i det vi kom inn havna i Arendal.


3 kommentarer:

  1. Koselig å sjå at det e liv i bloggen din igjen, tante! :)

    SvarSlett
  2. Nå har jeg lest både del 2 og 3. Artig å lese og fint å se bildene dine!
    Tipper det kommer mer, for nå er dere langt heimefra.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  3. Så koseleg med bokhylle og heimelaga pizza :) Imponert! Fin tur med kajakkane, såg det ut som... Herleg liv <3 Klem

    SvarSlett