mandag 16. november 2015

Juli - den lange båtferien, del 3

-->
På veg ut frå Arendal såg vi ein båt som Ånund meinte fortente å bli foreviga, ikkje på grunn av utsjånaden, men på grunn av namnet, må seie eigaren har ein bra dose sjølvironi.




Vi skulle eit stykke avgarde denne dagen, så då valde vi å legge til havs. Litt røff sjø, men ikkje verre enn at det var bra trafikk på sjøen. Det verka som om det fine veret vi hadde hatt i starten skulle avløysast av skodde, den heldt bra fart austover inn med land, såg det ut til, men heldigvis så forsvann den ut på dagen.

Trass i god kartplottar og vegkartbøker i tillegg har vi ein tendens til å "blingse" på målet vi har sett oss. Kartplottaren har kart som er laga i Nederland, og der er Bjørneskjær og Skjeggholmen like viktige namn som Stavern og Jomfruland. Akkurat desse plassane var det ikkje så vanskeleg å resonnere seg fram til, sjølv på lang avstand, men målet vårt, Sandefjord, for vi forbi utan å merke det, så vi enda dagsferda rett austanfor, på Verdens ende. Der fann vi god fortøyningsplass. Landskapet, med dei nakne berga som bukta seg bortover var ganske fascinerande.






I sin ungdom tok Ånund utdanninga si ved Høgskulen i Østfold, frå den tida har han mange gode minner, særleg det han fann på saman med ein medstudent, Arne, frå Sandefjord. Etter at dei var ferdige utdanna har begge gjort sporadiske forsøk på å få kontakt igjen, men dei har ikkje sett kvarandre sidan 1973. No fann Ånund ut at han skulle ringe til Arne og spuørje om dei kunne møtast. Han svarte at det ville vere hyggelig og inviterte oss like godt heim til seg. 




Med eiga brygge var det enkelt for oss å få lagt ftil med båten, og Arne og kona hans tok godt imot oss, dei viste oss rundt på den fine eigedommen, eit nybygd hus med vakker hage, og serverte flotte smørbrød og diabetesvennleg kake. Ei rett kjekk gjenforeining var dette, og karane fekk tid til både mimring og oppdatering på kva dei har halde på med i alle desse åra.






Så tøffa vi oss vidare, inn fjorden, forbi Tjøme til Tønsberg, der måtte vi vente ein times tid på at dei skulle opne ei bru som var akkurat for låg for vhf-antenna på båten vår.




Deretter kryssa vi tvers over Oslofjorden og fann oss båtplass ved Støtvik hotell på Larkollen. Der hadde Vamp utekonsert i det vi seig inn på havna, så dei siste melodiane fekk vi med frå gratisplass.







Tante Solbjørg med familie har feriert på Støtvik i mange år, etter at ho flytta til Bergen vart det eit opphald, men i år var ho tilbake igjen. Sonen, Jørn-Erik og kona hans, Frøydis hadde leigd seg sommarhus i nærleiken, så då fekk vi høve til å vere saman med dei, først ein vakker kveld på uterestaurant tett ved hotellet, så heile neste dag, der Jørn-Erik og eg starta dagen med eit morgonbad. Etter frukost var vi og helste på tante Solbjørg, som diverre var ganske redusert på grunn av lungebetetennelse, før vi for på ein to mil lang sykkeltur i herleg terreng saman med Frøydis og Jørn-Erik.



Dei inviterte oss på lunsj i sommarhuset, og vi kosa oss på terassen med god mat og drikke. 


Så gjekk ettermiddagen med i badeanlegget til hotellet, i alle fall for min del, Ånund måtte nøye seg med ein lang dusj sidan han hadde gløymt badebuksa si i båten.
Til middag møttest vi alle fem i restauranten på hotellet til ein god og lang trerettars. Sidan tante ikkje var i toppform gjekk ho tidleg til sengs, medan vi tok oss ein spasetur og såg på solnedgangen. Jammen er det kjekt å tilbringe tid med slektiningar ein ikkje treff så ofte!

Neste dag hadde vi eit nytt mål: Fagerstrand i Frogn kommune. Der har eit anna syskjenbarn, Ingrid og mannen Haldor, hytte, og vi ville vere med på å feire 60 årsdagen hennar på laurdagen, tre dagar før sjølve ”jibbersen”. Sol og vind førte til skikkelig skvalpesjø, så det var greitt med ein stopp i Drøbak. Der fekk vi kjøpt presangar,  ikkje berre frå oss sjølve, men frå både syskjen og barn som gjerne ville heidre jubilanten med ein liten ting.



Ut på ettermiddagen ankom vi Islia, det høyrer med bryggeplass til eigedommen, men med drag i sjøen, og såpass stor båt som vi har, måtte vi til slutt fortøye til berget. Ombord- og ilandstiging vart difor litt meir utfordrande enn elles, men ingen av oss datt på sjøen.

Hytteeigarane har lagt ned ein stor innsats for å få hytta og området rundt slik dei vil ha det, og jammen har dei fått lønn for strevet! Hytta er både romslig og praktisk, og uteplassane er mange, slik at når sola er framme kan ho nytast heile dagen., og ein kan finne ly for vinden når det trengs.  


Vi var dei første gjestane som dukka opp. Helen, som måtte tilbringe nokre ekstra timar på Gardermoen fordi flyet til Siri var forseinka, kom saman med Siri ut på kvelden, då  fekk vi servert sterk og  god ungarsk gulasj.

Neste dag spaserte vi til nærbutikken og handla, elles slappa vi av med strikk og lektyre. Ånund hadde nok å gjere berre med å fylgje med på båttrafikken nedanfor hytta. 



Dei siste gjestane som var venta , Karin og Robert, kom ut på ettermiddagen, og etter at dei var installerte i hytta kunne selskapet starte.




Det var kjekt å vere samla med det til felles at vi kjenner jubilanten godt, men utanom det har vi mange ulike interesser, derfor var vi uuttømelege når det gjaldt samtaleemne, og mange spanande tankar vart utveksla. Vi grilla og åt og kosa oss. Kaffi og kake vart det også.






Eg trur at til og med Siri, dotter til Ingrid og Haldor ,hadde det kjekt, sjølv om alle vi andre er generasjonen eldre.



Det var ei noko sur kjerring som vakna søndagsmorgonen til vannskada bøker i hylla og våte køykle, der går tydeligvis grensa mi; eg nektar å sove i våte sengkle! Men etter ein god frokost i godt lag oppe i hytta tødde eg opp, og når vi kasta loss og sette kursen mot Koster måtte eg berre finne ut korleis vi skulle få tørka opp regnvatnet som hadde trengt inn i lugaren.

1 kommentar:

  1. Kjekt å sjå paradiset til Ingrid og Haldor :) Fine bilete og kjekk lesnad! Leitt med vasskade på den kjekke bokhylla di :(

    SvarSlett