torsdag 28. mai 2009

Ei ære!

No har eg hatt mine nesten daglege runder i bloggverda i meir enn eit halvt år, eigen blogg kom brått i stand fordi eg hadde så lyst til kommentere eit innlegg.......
Sakte, men sikkert har eg funne fram til bloggarar som eg ser opp til og lærer mykje av. Lærer om tekniske datafinesser, men endå meir lærer eg om livet, om kvardagar og festar, om gleder og sorger, om kreativitet og handverk, om natur og kultur, om omtanke og omsorg, om humor og skriveglede.......

Sakte, men sikkert har lysta mi til å delta i dette auka. Det er ikkje lenger så skummelt å vere openhjertig og dele ein flik av livet mitt med bloggevenner:)
I dag fann eg ei helsing på kommentarplass som gjorde meg glad og kry: Nokon har funne meg verdig til ein award, min fyrste!

Hjerteleg TAKK til Villmarkstausa for denne tildelinga! Eg set stor pris på å bli gjort stas på! Her ein dag fekk eg følgjande kommentar frå minstejenta: " Det er nok midtlivskrisa som har sett inn, mamma, sidan du er så oppteken av merksemda du får frå andre bloggarar." Gjerne for meg, er det slik midtlivskrisa artar seg så kan ho godt vare lenge her i garden, for eg har det BRA:)
Det følgjer reglar med awarden, mellom anna skal han delast med andre bloggarar som eg set pris på:

Til Bestablogg for alt det kjekke ho tek oss med på saman med barnebarnet sitt.

Til Bestemors kosekrok for den utrulege strikkekapasiteten sin.

Til Trollkåno i Troll og Ting for innlegga om livet på garden, og for alt det ho elles finn tid til i ein travel kvardag.

Til Tankar frå ein kvardag fordi ho, utan
å vite det sjølv, har gjort meg til bloggar:)

Til Jorids Bestemors Blogg for vakre sitat, dikt og blomar, og fordi ho tryllar fram så flotte ting med symaskina si.

Så vil eg dele peonbuketten min med alle som kikkar innom!


Peonar skaper gode barndomsminner hos meg. Som småjente hadde eg ei venninne som var 60 år eldre enn meg, kvart år overrekte ho meg ein herleg bukett med peonar og skogskjegg på fødselsdagen min i slutten av juni:)

8 kommentarer:

  1. Tusen takk for awarden. Som du ser i bloggen min, så har eg vore vekkreist ei vekes tid. Det er nok grunnen til at eg verken har skrive på bloggen, eller kommentert andre sine bloggar.
    Og du....eg kan godt dele midtlivskrisa med deg. Eg har i alle fall oppdaga at eg har vorte mykje flinkare med kameraet, så noko godt kjem det ut av denne blogginga:-)

    SvarSlett
  2. Tuuuusen takk for rosande ord, kjære du... Dette rørte meg verkeleg!!! Eg er utruleg stolt over at du gir meg utmerkinga, men endå meir stolt over at du seier at eg er ein av grunnane til at du har vorte ein bloggar! Du har ein nær og koseleg blogg som fortel meg at du er ei dame med stort hjarte og stor omsorg for andre.

    Var så koseleg å lese og deg og husbonden din i innlegget under....

    Ynskjer deg og dine ei nydeleg pinsehelg!

    SvarSlett
  3. Tusen, tusen takk!!!!
    Einig i det du skriv ang. blogging.......livet har rett og slett forandra seg, og då positivt.
    Blogginga gjev meg glede og inspirasjon......har vel aldri sett igang so mange nye prosjekt som dette siste året.
    Har faktisk jubileum 7.juni (1 år), då vert det feiring.

    SvarSlett
  4. Tusen takk for awarden. Jeg ble veldig glad og stolt over at du syntes jeg fortjente den. Synes awarden du fikk var vel fortjent for du skriver så nært og godt. Det innlegget du skrev om deg og mannen din var nydelig, takk for at du deler med oss.
    Håper du får en deilig pinse sammen med mannen din.

    SvarSlett
  5. Du beskrev blogging akkurat som jeg ville gjort det sjøl.Det er jo spessielt at en blir så glad for noen ord fra fremmede mennesker.Og etterhvert blir det nesten som trofaste venner.
    Koselig at du var på besøk på bloggen min.Ha ei fin Pinsehelg.

    SvarSlett
  6. God pinse til deg og mannen;-))

    SvarSlett
  7. Hei og takk for hyggelig kommentar;) Ja, i denne bloggverdenen er det spennende og den gir en masse inspirasjon - herlig;) Ha ei kjempegod pinse!

    SvarSlett
  8. Kjære deg,
    tusen takk for nok en runde med kloke, fine ord! Det er så sant, det er berikende å tusle rundt her i Bloglandia, retten og sletten..
    Og gratulerer med award!! Jeg har fått den av M og Lenemora og skal få lagt ut et innlegg senere i pinsen :)
    Vi koser oss med familiehelg, jeg har bursdag til onsdag og har i dag blitt feiret av min og Nannimannens familie, veldig kos :)

    Ha en fin helg videre!
    Vi blogges,
    klem ~

    SvarSlett