søndag 10. mai 2009

No er vi klare for den store dagen

Natta sig på, roa senkar seg, det har vore mykje å gjere i dag, men no er vi i mål, kaker er bakte, vellukka...... og mindre vellukka........

Eg fann ei oppskrift på ei Pavlova, (som eg ser at ho heiter. Eg har laga marengskake med frukt og krem mange gongar før, blant borna mine går ho under namnet takraskaka fordi ho ser noko samanrasa ut dagen derpå, men det er då ho smakar best!) eg følgde oppskrifta til punkt og prikke, bortsett frå at eg bytta ut sukkeret med fruktose. Resultet vart slik.
Så laga eg ei ny, men etter gamleoppskrifta, og den vart som forventa. Var det fruktosen som gjorde at den første vart mislukka?
Dåpskjolen er vaska og nystroken, klar til brukDenne dåpskjolen hekla mor til eldste barnebarnet, storejenta mi, skulle døypast. Han har vore i bruk mange gongar sidan, og det er kjekt at neste generasjon også vil vidareføre tradisjonen med denne dåpskjolen.


gåver til dåpsbarnet er innkjøpte og pent pakka inn, huset er rydda og vaska, resten av familien har lagt seg, eg har ei stund for meg sjølv før eg også skal finne senga så eg er frisk og opplagd til morgondagen:)

4 kommentarer:

  1. For ein nydelig dåpskjole.
    Ja, er ikkje det flott når ungane våre tek vare på dei tradisjonane vi har starta?
    Pavalova er ei god kake, har bare laga den nokre få gonger, og da har den blitt eten opp første dagen.
    Håper dagen blir gild hos dere med barnedåp.
    Vi skal ha familie-bursdag for "lillejenta"
    Ho er 189cm, så lita er ho ikkje lengre.
    Klem Kate

    SvarSlett
  2. Hei
    Det var en vakker dåpskjole. Hyggelig med tradisjoner....

    Mine barn er døpt i en gammel flott kjole også...og alle mine søsken.Luen er etter min bestefar, og han er født i 1889.Kjolen noen år yngre...kansje jeg må blogge den en dag.
    Hadde vært hyggelig med barnebarn. Elste sønn er over 30......ja,ja, tida kommer vel!
    Gratulerer med dagen!!

    SvarSlett
  3. Gratulerer hjerteleg med dagen. Det er ei stor ære å få lov til å vere fadder.
    Snart vert det barnedåp her også, og det vert som med deg. Mor mi hekla ein dåpskjole til sonen min då han vart fødd. Han var det eldste barnebarnet. Sidan har alle i slekta, som er fødde etter han. døpte i den. Kjekt med slike tradisjonar ja. Vi har valt å la det følge med ei kvit sløyfe, der vi broderer inn alle navna på dei som er døypte i den.

    SvarSlett
  4. Så koselig, flotte kaker, fin kjole og en stor dag for dere alle.
    Håper at dere har hatt en minnerik dag.
    Ha ei fortsatt god helg og en fin uke!!!

    SvarSlett