søndag 3. mai 2009

Pilgrimbesta 2

Her kjem neste del av Caminoen vår:
Ville valmuer er eit vakkert syn, eg tok med valmuefrø for å så heime, men forsøket mitt lukkast ikkje.

Vi tilbrakte den fyrste natta i ein diger steinhall i Roncesvalles. Der stod det opprasta 130 køyer i same romet, omlag 120 av dei var i bruk. Det var ei merkeleg oppleving då lyset var sløkt kl 22, all aktivitet og prat vart dempa samtidig med lyset, etter ei kort stund var det like stilt som i soveromet heime. No er eg gift med ein garva snorkar, så heilt stilt er eg ikkje van med å ha det, men sjølv snorkelydane berre forsvann opp mot det høge taket i steinhallen.


Tidleg neste morgon tok vi fatt på vandringa mot Santiago de Compostela. Vi gjekk nokre kilometer til neste by, der vi kunne kjøpe oss frukost på eit bakeri. Det vart etterkvart det vanlege mønsteret: Pakke sekken og traske i veg ein time eller to til vi fann ein plass der vi kunne få noko å ete. Frukosten var ikkje av det nordiske slaget, det kunne variere frå eit par Maria-kjeks ved sidan av kaffikoppen til ein liten muffin (Magdalena), og om vi var heldige, eit wienerbrød, søtt og fullt av feite kaloriar. Litt ut på dagen fekk vi kjøpt oss boccadillos con jamon o queso, også dette kvitt brød med skinke eller ost.

På eit høgdedrag vest for Pamplona stod dette pilgrimsmonumentet.

Om kvelden, når vi hadde avslutta dagsetappen, hadde dusja, vaska kle, fått slappa litt av på køya og sett oss om i byen, var det enkelt å få seg eit billeg og godt trerettars måltid, med vatn, vin og brød som fast fylgje.

Sidan vi hadde skaffa oss pilgrimspass, eller credenciales, kunne vi overnatte i fellesrom på herberge for pilgrimmar. Prisen for dette varierte frå donativo,(frivilleg donasjon) til ti euro per person. Det var alltid muleg å få seg ein dusj på herberga, men ikkje alltid i varmt vatn...

Ettersom vi vandra avgarde, eller tok pause langs vegen, vart det fleire og fleire andlet vi kjende att, vi var mange som gjekk omtrent like lange dagsetappar, vi sov ikkje alltid i same albergue, men ut på dagen møttest vi igjen. Det er rart med det, dei første vi kom skikkeleg i prat med var to norske damer, men etterkvart fekk vi venner frå mange stader i verda.
Her slo vi av ein prat med Eva og Aslaug frå Bergen utanfor Larrazoaña.


Når det gjaldt forma, må vi vedgå at vi var skikkeleg stive og støle i muskulaturen den første veka, det var lett å "ta på ganglaget" kven som var nye på vegen, men akkurat det betra seg etterkvart.
Denne brua har gitt namn til byen ho ligg ved: Puente la Reina, Dronningbrua. Denne vesle byen er eit knutepunkt på Caminoen, der Routa de Frances og Routa Aragonés møtest.
Spania er delt inn i mange provinsar, vi vandra gjennom fire av dei, den første, Navarra er ein del av Baskerland. Baskerane har sitt eige spåk, baskisk, som er svært ulikt andre språk i området, men alle snakkar også spansk. Den største og viktigaste byen vi var innom i Navarra var Pamplona / Iruña, som vel er mest kjend for okseløpa, La fiesta de San Fermin. Dei går føre seg ei veke i juli kvart år. Dette fekk ikkje vi med oss, og det er vel like greitt, innbyggartalet meir enn doblar seg desse dagane, og det har vorte meir ei turistsak enn lokale tradisjonar etterkvart.


2 kommentarer:

  1. Spennende tur og så sprek som du/dere er, må vel ha en god del trening før en starter på en slik marsj skjønner jeg.
    Hvor tenker dere og gå i sommer da?
    Og for å spørre om noe dumt kanskje, i hvor mange land kan en gå pilgrimsleia?
    For å bli vis må en iallefall spørre tenker jeg!(",)
    Jeg har fått tak i brosjyrer en gang over pilgrimsleia som går gjennom min heimkomun Verdal(Stiklestad)
    Den starter i Jæmtland og går gjennom Stiklestad og frem til Nidaros.
    Mye interesange historier å lese om bare denne korte stubben.
    Har mange ganger tenkt å gå denne leia i små etapper, men detsverre er det ikke blitt noe av de tankene enda.
    Ha ei fortsatt fin uke!!

    SvarSlett
  2. Så interessant en slik tur må være. Antagelig med mere opplevelser enn en kan fordøye der og da. Var det tett mellom byer/tettsteder og gikk veien stort sett på slik grusveg som bildene viser. Skjønner godt at dere må ha trent en del før en slik tur. Det var sikkert varmt også, eller gikk turen så høyt oppe at det var kjølig i lufta. Og hvordan ser spanjolene på pilgrimsfarerne. Synes en slik tur ser utrolig spennende ut.
    Har selv kjørt gjennom Europa i bil på kryss og tvers og prøvd å holde oss på små landeveier. Det er utrolig hva en opplever litt utenfor alfarvei.
    Ha ei fortsatt fin uke.

    SvarSlett