tirsdag 5. mai 2009

Vår og bunadstid

Våren er utan tvil høgsesong for bunadsbruk, då er det konfirmasjonar, nasjonaldag, songarstemne og gjerne også slektstreff, og alle desse festlegheitene foregår då med høg bunadsfaktor.

Til helga skal eg få vere fadder når Håkon, den vesle grandnevøen min, skal døypast. Det ser eg på som ei stor ære. Veslejenta mi er tiltrudd rolla som gudmor, ho er om muleg endå meir stolt og kry enn meg.
Ein ting er sikkert: Då må vi ha bunad begge to!

Eg fekk bunaden min til konfirmasjonen for...... lenge sidan, skal vi sjå....... 38 år sidan er det visst. Ettersom liv- og brystmål har auka har han nok vore utsett for eit par utsyingar, men framleis er sjølve bunaden like fin å sjå til. Skjorta derimot har tidens tann gnege kraftigare på, og ettersom ho også var i minste laget, fekk eg sydd meg ny, fin skjorte for eit par år sidan. Det var målsaum, må vite, men sidan sydama rekna med at eg sakte men sikkert kom til å sige meir ut i fasongen, tok ho gode mål. Både halslinning, og ikkje minst ermelinningar, var godt vide då eg tok henne i bruk.
No har det, mot formodning, gått andre vegen med mine strategiske mål. Eg måtte legge om livsstilen for nokre månader sidan, noko som har ført med seg ein markert nedgong i både mål og vekt. Dermed er det utenkjeleg at eg skal kunne bruke nyeskjorta no på søndag.

Dermed måtte eg grave fram den gamle, ho får tene ei stund til, endå eg har stoppa eit hol på halslinningen, og frynsene stikk fram på ermene.
Så får eg sjå etterkvart om eg får byte til meg ei ny skjorte hos nokon som kanskje treng seg ei større ei.
Uansett så er eg stolt av min Ørskogbunad, som er offisielle bunaden for Sunnmøre.

Veslejenta mi likte så godt ein annan variant at då ho skulle velje,vart det Ørstabunad på henne. Vakker den også. Broderia på dei to har same fargane, men kan hende Ørstabunaden har enda finare roser enn den andre.

Detalj frå halslinning, front og skulderlapp på Ørsta-skjorta.
Skulderlappen på Ørskog-skjorta:Veslejenta mi meiner at eg ikkje treng å blande henne inn i blogginga mi, men eg må no få lov til å vise fram den fine bunaden hennar. Biletet knipsa vi i fjor på konfirmasjonsdagen, ho og ei god venninne stod rett utanfor kyrkjetrappa. Her ser vi Ørstabunaden til venstre og Ørskogbunaden til høgre.

4 kommentarer:

  1. Bunad er berre så nydelig. Er ikkje så heldig at eg er eigar av bunad. Ville absolutt ikkje ha det til konfirmasjonen. trur det hadde samanheng med at eg lånte ein bunad nokre år før, og fekk nokre kommentarar som hengde seg fast i minnet...

    No angrar eg sjølvsagt.

    SvarSlett
  2. Nydelege bunader!
    So fint broderi.......eg likar godt å gå i bunad. Nett før no, når 17.mai nærmar seg.

    SvarSlett
  3. Kjempefine bunader og konfirmanter.
    Jeg har ikke bunad men alle mine tre jenter har Graferdrakten.
    Ei av jentene har sort,ei har mørk blå, og den tredje har en litt lysare blåfarge på sin,det er en veldig fin bunad det også, med fine farger og mye brodering.
    Har lyst på bunad jeg også, men det begynner å bli i seineste laget å starte og lage seg en nå tenker jeg.
    Gleder meg til å se deg i din på 17 mai da?
    Ha en fin kveld!!!

    SvarSlett
  4. Flott med bunad.Det er et stas plagg det....
    Takker for hyggelig melding;-))

    SvarSlett