
Ja, ein ganske
kvardagsleg fest med bollar av grovt mjøl, på kjøkkenbenken, men like fullt ein fest:)

Kvifor? Berre for å få brukt dei flotte syltekrukkene mine, vel!
I eit tidlegare innlegg har eg skrive om
"tvillingkrukka" som Stubbetufsa fann i ein brukthandel og sende til meg.
Sist laurdag var eg på ny tur til posten for å hente brevpostpakke, denne gongen var pakken frå Villmarkstausa,

og her er innhaldet i pakken:


Ho skriv at krukka og lôket i utgangspunktet ikkje høyrer saman, men dei passar saman, eg får dei gratis om eg vil,
og eg vil gjerne ha dei, dei passar glimrande saman etter mi meining, og det er i grunnen ekstra sjarmerande at dei er sett saman til eit par fordi dei
"kler kvarandre" så godt:)
Mannen min smiler og rister på hovudet av at noko slikt kan gå an, her sender eg ut ei etterlysing på bloggen min om kvar ein kan få kjøpt syltekrukker med lôk som har opning til skeia, og så får eg heilt utan vidare tilsendt krukker frå to bloggevenner som ikkje vil ha noko betaling for dei! - Kva er det slags gode feer som bur i Blogglandia?
Vi er mange som skriv om dette samfunnet, kor fint det er å vere ein del av eit slikt fellesskap, ikkje først og fremst fordi vi får slike flotte gåver som eg viser fram her, men fordi vi får så mange
hyggelege og
støttande kommentarar på det vi har på hjertet til ei kvar tid.
Men sjølvsagt er det også stas å få små - og større - gåver og overraskingar som gjer kvardagen
lysare og gladare:)Villmarkstausa er ei dame med mange interesser: Familie, handarbeid, mat, friluftsliv med hund og jakt inkludert, og ho går inn for gjenbruk, ho har ein liten butikkblogg der ho sel ting ho ikkje har bruk for sjølv, ta gjerne ein titt inn der:
BLOGGSHOP villmarkstausa@hotmail.comPå ein eller annan måte ønskjer eg å glede Villmarkstausa slik ho har gleda meg, korleis veit eg ikkje enno, har du eit tips så tek eg imot det med takk:)
Og akkurat no sender eg denne rosa til Villmarkstausa som takk for den flotte
blåmønstra syltekrukka.