søndag 8. mars 2009

8.mars

Til lukke med dagen, tauser!
Om eg er feminist?
Tja..... ja!
Det er eg. Eg er heldig, bur i eit land der vi har nådd langt i synet på likestilling mellom kjønna,
framkjempa rettar ser vi på som sjølvsagde goder. Men ikkje alle er så heldige, nokon har måtta kjempa kampen for oss, og mange må kjempe kampen enno.


Eg trivst i fellesskap med andre kvinner, uttrykket "kvinne er kvinne verst" er heilt framandt for meg, skal eg tenkje negativt så synest eg at "menneske er menneskets verste fiende" passar betre!

Med svært få unntak er det dei kvinnelege kollegaene mine eg har kome nærast inn på, dei er, og har vore, rause m.o.t. å dele godt og vondt med meg.

Eg har hatt kvinnelege sjefar som eg set svært høgt, dei har evna å sjå sine tilsette som heile personar og har vore gode førebilete, så nok ein gong: Til lukke med dagen, tauser!

(Siste bilete er henta frå nettutg. av Adresseavisa)

lørdag 7. mars 2009

Laurdagskveld




Laurdag er pizzakveld i vår familie, tradisjonen er lang og nesten ubryteleg. Gutane til eldstejenta mi kan ikkje huske noko anna, dei to eldste var tre og to år då dei flytta hit, dei budde faktisk saman med oss i over eitt år før dei flytta inn i eige hus nokre kilometer unna. Då var tradisjonen så innarbeidd at dei måtte ta turen innom for å få pizza kvar laurdag, og slik er det enno.
Dei har ofte med ein kompis eller to, og det har gjerne dei to heimebuande borna også, så her må det lagast mykje pizza. No er vi oppe i tre stk. pr. laurdag, alle har sin favoritt, frå Bestefar som vil ha sin med biffstrimlar til Oliver på tre år som får ein snei av eine pizzaen med berre skinke og løk.


No er måltidet unnagjort for denne gong, restane er pakka ned (dei skal tradisjonen tru verte frukost til nittenåringen i morgon) og helgeroa kan senke seg i strikkebestaheimen.









God helg til alle "nettkjenningar"!

Elevarbeid

Turen til Dombås fjellskule har vore førebudd i lang tid.
I tillegg til å snakke om fagleg innhald, pakkeliste, skiutstyr og liknande,
har vi laga sitjeunderlag.

Eg tova eit sitjeunderlag som modell, syntest eg hadde vore kreativ og laga
det fint til, men når eg såg kva elevane fekk til når eg berre slepte dei fritt
med ull og filtenål, må eg berre sei at mitt eige arbeid bleikna.
Medan vi var på Dombås fekk eg teke bilete av eit par av dei, og sjå sjølv,
er dei ikkje flinke vel?

tirsdag 3. mars 2009

"Eg har det bra......"

Jobben min gir meg mykje:
For det første får eg møte unge, opne menneske kvar dag på jobb.
For det andre får eg høve til å skaffe meg innsikt i tankane og idéane til desse unge menneska.
For det tredje blir eg stadig oppdatert på allmennfaglege emne som er umåteleg interessante.
For det fjerde hender det at eg får slike frynsegoder som eg opplever denne veka.

Eg er nemleg på leirskuleopphald på Trolltun fjellskole på Dombås saman med klassa mi denne veka. Vi får vere ute i vakker vinternatur, får lære og erfare korleis det er på fjellet vinterstid,
vi får vere saman på ein annan måte enn på normalskuledagar, OG... VI HAR GODT VER!

I tillegg er eg her faktisk samtidig med klassa til eldste barnebarnet mitt, eg har med strikkeriet mitt, så eg er strikkebesta også her. Er det rart at eg
"......er fornøyd og glad"?

(Sjølv om eg er misfornøgd med at eg ikkje greidde å kopiere eit bilete frå heimesida til leirskulen inn på bloggen)

søndag 1. mars 2009

Mykje Besta

Denne veka har eg fått vere mykje Besta. Fyrst i Oslo frå måndag til torsdag med veslefrøkena der, og no i helga har eg besøk av to små karar medan storebrødrene er langt av garde til Grue i Hedmark for å konkurrere i Tae kwon do.


Når eg er saman med borneborna, blir det mange episodar som eg kan kose meg med i etterkant. Veslefrøkena på to og eit halvt år er ei skikkeleg skravlejente, ho ville ha meg med i leiken frå klokka seks om morgonen til ho gjekk til sengs i halv åttetida på kvelden. Vi teikna og bygde duplo, vi song og styrte med dokker og bamsar, vi aka i snøen og gjekk lang tur, vi var på kafé og på butikken, og vi gler oss til å møtest att i påska.


Dei to småkarane som er på overnatting treng ikkje slett så mykje merksemd frå besta si, både fordi dei har kvarandre, og fordi her er både bestefar, ei tante og ein onkel å vere saman med.


Men litt merksemd blir det no på Besta likevel, då, eg har til og med fått gåver:



Med litt hjelp frå Bestefar til å surre tråden rundt pakken, kunne treåringen stolt overrekke gåva. Kva som var inni?
Eit taggete MONSTER!



Femåringen synest også det er spanande med monster for tida, så etter ei økt med skjenning fordi vi prøvde å smugkikke medan han teikna, så vart det to monsterteikningar til på meg, rett nok må eg dele dei med bestefar:
No skulle eg ha vore ein betre fotograf, eller eg bør kanskje skaffe med eit betre kamera, men uansett så har eg lyst til å få teikningane med på bloggen min:)

lørdag 28. februar 2009

Tova strikkakjole

I Ulsteinvik har vi fleire garnbutikkar, den eine, Hasund strikk og bruk, tilbyr ferdige strikkaplagg i tillegg. Eg vart forbausa over prisen på desse strikkaplagga, 350 kr for ein mjuk og god ferdig tova kjole er billeg! No har eg gjort meg nytte av dette tilbodet ved eit par høve.

I desember kjøpte eg ein herleg raud kjole til veslejenta i Oslo, sjølv tok eg meg av småplagg som ho brukar saman med kjolen, som tøfler, vottar og nissehue. Eg har sjølvsagt bilete av henne i stasen, men må spørje foreldra om lov før eg legg ut noko bilete her. (Bloggen min er nemleg ikkje noko eg har fortalt borna mine om enno:))

Etter kvart fekk eg lyst på ein gul kjole også til veslejenta, det er absolutt yndlingsfargen til mammaen. Då var det berre å ta seg ein tur til uthuset ved Krukkehuset og bestille kjolen akkurat slik eg ville ha han.
I går fekk eg ein sms: "The kjole is ready", og sjå berre kor fin han vart...........

Dette biletet som eg tok utandørs yter ikkje gulfargen rettferd,
så her er eit bilete til, teke i sofaen denne gongen.




Liv, som eig og driv Hasund strikk og bruk, fann fram nokre utruleg søte knappar som eg kunne sy på kjolen som ein skikkeleg prikk over i-en.
No skal eg ein tur på posten og sende kjolen, så får eg vel eit bilete av prøveseansen om nokre dagar:)

fredag 27. februar 2009

Fornøgd med resultatet

Når eg strikkar for toving i maskin har eg funne ut at eg kontrollerer det endelege produktet best når eg bruker Vamse frå Raumagarn. Det gjekk bra denne gongen også, etter ei runde i vaskemaskinen på 30 grader, er vottane no passe store til dei som skal ha dei på seg.

Dei grøne










skal verte gode å ha på når det er snøballkrig på gong......

Dei blå, som er til slalomkøyraren, passar også fint når snøklokkene i hagen til Besta skal gravast fram:



Vottane er elles strikka for å matche nokre tjukkelestar med rullekant som eg fekk idéen til i eit oppskrifthefte frå Regia:






Eg synest hageskorne mine fekk seg eit skikkeleg "løft" når eg putta eit par rullekantlestar opp i dei, kanskje dei passar like godt til handlerunda som til utearbeid?


I det fine veret var det fristande å knipse fleire bilete














Neste steg i bloggverda mi blir å finne fram til eit redigeringsprogram og kanskje gjere bileta og heile bloggen penare.