tirsdag 3. mars 2009

"Eg har det bra......"

Jobben min gir meg mykje:
For det første får eg møte unge, opne menneske kvar dag på jobb.
For det andre får eg høve til å skaffe meg innsikt i tankane og idéane til desse unge menneska.
For det tredje blir eg stadig oppdatert på allmennfaglege emne som er umåteleg interessante.
For det fjerde hender det at eg får slike frynsegoder som eg opplever denne veka.

Eg er nemleg på leirskuleopphald på Trolltun fjellskole på Dombås saman med klassa mi denne veka. Vi får vere ute i vakker vinternatur, får lære og erfare korleis det er på fjellet vinterstid,
vi får vere saman på ein annan måte enn på normalskuledagar, OG... VI HAR GODT VER!

I tillegg er eg her faktisk samtidig med klassa til eldste barnebarnet mitt, eg har med strikkeriet mitt, så eg er strikkebesta også her. Er det rart at eg
"......er fornøyd og glad"?

(Sjølv om eg er misfornøgd med at eg ikkje greidde å kopiere eit bilete frå heimesida til leirskulen inn på bloggen)

2 kommentarer:

  1. Hei på deg!
    Er det ikkje herleg vel å kunne vere saman med desse unge, også i andre situasjonar enn den normale kvardagen?
    Når du i tillegg har med eit strikkeprosjekt, så må det vere koseleg. Kos deg videre du besta:-)
    Kva prosjekt har du på gong no forresten?

    SvarSlett
  2. Enkle saker, tjukkelestar med fargegalde striper i brotet:)

    SvarSlett