fredag 27. mars 2009

Tradisjonsmat

Kva er dette for noko? Ball? Ja, det er ball, men ikkje potetball. Vi kallar han blandaball, det synest eg er eit godt namn sidan han er laga av ei blanding av fisk og poteter. Eg veit sjølvsagt at i Kristiansund har dei sin"feskballj", den skal visst vere god, eg har tilgode å smake på den, men kanskje nokon sender meg oppskrifta etter dette innlegget?

Mange lurer nok på om det verkeleg er nokon som et slik mat i våre dagar, og svaret er at ja, i Strikkebestahuset gjer vi faktisk det.

Mannen min meiner at den beste forma for rekreasjon er å kome seg ut på havet i båten sin. Når veret tillet det kan han gå langt ut til dei gode fiskeplassane, og då kjem han gjerne heim med sei.

Seien er ein fisk som eignar seg godt til gryter, fiskekaker og seibiff, så klart, men ein gong i blant får eg lyst på denne spesielle ballen. Dette er tradisjonsmat som eine generasjonen overfører til neste. Ein slår ikkje opp i ei kokebok for å lære seg å lage slike rettar, eg har sett på mora mi og funne min måte, på same vis som ho fann si oppskrift, basert på måten hennar mor laga blandaball på.

Hovudingrediensane er som nemnt fisk og poteter, med ei lita overvekt av fisk, dersom fisken ikkje er salta, må ein sjølvsagt ha ein del salt i blandinga, løk er ein viktig smaksfaktor, og så treng vi litt kveitemjøl for å vere sikker på at det heile skal henge saman når vi kokar ballen. Kor mykje av kvar er ikkje så lett å seie, ein prøver seg fram, så finn ein ei høveleg blanding til slutt. Mor seier at når ho køyrer fisk og poteter gjennom kjøtkverna, har ho gjerne ein bit saltflesk oppi, det bruker ikkje eg, kven har vel saltflesk i hus når blandaballen skal lagast? Men litt fiskebuljong i kokevatnet er ikkje så dumt.

Retten blir servert saman med poteter, rabbe (kålrot) og smelta smør.

Eg ser ikkje bort ifrå at retten inneheld ein god del karbohydratar, men så får eg heller vere forsiktig og ikkje ete for mykje, då. Eg blir i alle fall glad når eg ser at ballen fell i smak både hos nittenårigen og "veslejenta" på seksten.





4 kommentarer:

  1. Veit du...eg skulle kanskje ikkje lagt inn denne kommentaren her, for eg hugsar blandaballen til mamma med skrekk og gru:-)
    Lurer på om det hadde smakt godt i dag? Smaken forandrar seg så utruleg med alderen. Eg har vel alltid ete mykje fisk, så det var ikkje det som gjorde at eg ikkje likte blandaball. Trur det måtte vere løken ho hadde i:-)
    Ellers syns eg det er kjekt å halde nokre mattradisjonar i hevd.

    Nyt søndagen.

    SvarSlett
  2. Ha ha, eg trur ikkje du er den einaste som har blanda kjensler når dei henkjer på blandaball, difor er det litt artig at dei yngste av mine fem born faktisk et denne retten og ser ut til å like han:)
    Søndagen skal nytast, ja, tur og strikk...

    SvarSlett
  3. Dette så godt ut!!! vi i trønderlag har ikke denne tradisjonen, kanskje noen ute ved kysten her også, har hørt om det,men ike smakt det.
    Vi har klubb og duppe som er laget av poteter og byggmjøl med stekt flesk til, duppen er laget av brunost,hvetemjøl,sukker og melk,og med en klatt med sirup til blir det en kaloribombe,som ikke er så bra for meg da, men en gang i blant må jeg bare ha det.
    Jeg er detsverre veldig glad i slik gammel tradisjonsmat,men prøver å holde meg i fra en stor del slike godsaker, nå på grunn av min dibetes. Artig er det i allefall at du deler det med oss på bloggen din.

    SvarSlett
  4. Ja, då blir det vel til at ej også må "finne opp" mi eiga oppskrift på blandaball då, sida ej e døtra di og e den av oss som e mest opptatt av mat :o)

    SvarSlett