søndag 15. mars 2009

Hekta??


Eg kan ikkje nekte for at det har vorte nokre timar framfor pc-en den siste veka, det er så mykje eg skal lære, så mykje eg har lyst til å fikse på bloggen min, men eg er ikkje noko naturtalent når det gjeld å navigere i datalandskapet, så det tek tid.

Eg har pådrege meg ein kronisk sjukdom som gjer at eg må trene kvar dag for å halde verknaden av sjukdommen i sjakk. Frå eg fekk diagnosen i haust, har eg lagt meg til ein rutine med ein times rask gange kvar dag, gjerne utpå kvelden. Det er i grunnen fint å traske avgarde åleine og la tankane vandre, men i går kom eg meg ikkje ut.....

Eg kan ikkje skulde på veret, sjølv om det regna, eg har gode kle som tåler ein del nedbør. Nei, eg klarde rett og slett ikkje å rive meg laus frå pc-en. SKUMMELT!
Så i dag har eg kompensert for forsømmelsen frå i går. Eg gjekk meg ein lang, fin formiddagstur og tok inn våren. Hadde mobilen på lomma og måtte berre knipse litt av det eg såg. Veit at biletkvaliteten ikkje er noko å skryte av, men tek sjansen og legg inn nokre av dei likevel.



Etter turen stakk eg innom mora mi, og sjå korleis der spirer og gror på plenen hennar:








2 kommentarer:

  1. Kan ikkje anna enn å le. Det vart fleirfoldige timar på meg også til å begynne med. Ville så gjerne gjere bloggen litt kjekkare å sjå på, men sidan eg ikkje var kjent med alle sidene ein kunne bruke, så tok det lang tid ja.

    No er eg forsåvidt fornøgd inntil videre i alle fall.

    Tusen takk for kommentar. Kjekt med alle som er innom.

    SvarSlett
  2. Jaggu er du blitt flink også da,og så flotte bilder som du har lagt ut.
    Jeg får liksom ikke til å hente frem og legge ut den der flotte bakgunnen som dere har fått dreisen på enda heller jeg da,tror årsaken for meg er at det meste av veledningene er skreve på engelsk noe jeg ikke mestrer særlig godt, skulle vel ha tatt et kurs i det også etterhvært(ler).Ettersom du jobber i skolen så har du vel en fordel der tenker jeg.Ja en har det iallefall ikke kjedelig på lange tider når en skal oppdatere seg på alle sine nymotens interesser.Artig og spennendeer det. iallefall.

    SvarSlett