søndag 1. mars 2009

Mykje Besta

Denne veka har eg fått vere mykje Besta. Fyrst i Oslo frå måndag til torsdag med veslefrøkena der, og no i helga har eg besøk av to små karar medan storebrødrene er langt av garde til Grue i Hedmark for å konkurrere i Tae kwon do.


Når eg er saman med borneborna, blir det mange episodar som eg kan kose meg med i etterkant. Veslefrøkena på to og eit halvt år er ei skikkeleg skravlejente, ho ville ha meg med i leiken frå klokka seks om morgonen til ho gjekk til sengs i halv åttetida på kvelden. Vi teikna og bygde duplo, vi song og styrte med dokker og bamsar, vi aka i snøen og gjekk lang tur, vi var på kafé og på butikken, og vi gler oss til å møtest att i påska.


Dei to småkarane som er på overnatting treng ikkje slett så mykje merksemd frå besta si, både fordi dei har kvarandre, og fordi her er både bestefar, ei tante og ein onkel å vere saman med.


Men litt merksemd blir det no på Besta likevel, då, eg har til og med fått gåver:



Med litt hjelp frå Bestefar til å surre tråden rundt pakken, kunne treåringen stolt overrekke gåva. Kva som var inni?
Eit taggete MONSTER!



Femåringen synest også det er spanande med monster for tida, så etter ei økt med skjenning fordi vi prøvde å smugkikke medan han teikna, så vart det to monsterteikningar til på meg, rett nok må eg dele dei med bestefar:
No skulle eg ha vore ein betre fotograf, eller eg bør kanskje skaffe med eit betre kamera, men uansett så har eg lyst til å få teikningane med på bloggen min:)

3 kommentarer:

  1. Tusen takk for kommentaren på sida mi. Ser at du har hatt ei skikkeleg aktiv veke med dine. Om du ser innom meg ein gong til så vil du sjå korleis denne dagen har vore...åhh, så herleg det er med barnebarn:-)

    SvarSlett
  2. Barnebarn er det beste som hender oss. Jeg var så heldig å få et nytt barnebarn i fjor sommer og får nå oppleve gleden på nytt. De to andre jeg har er tenåringer og opptatt med sitt og det er slik det skal være.
    Ellers må jeg si at den kjolen du kjøpte var nydelig og utrolig billig.
    Ha en fin uke.

    SvarSlett
  3. Takk for hyggeleg kommentar, det opplevest kjekt å bli oppdaga av andre ute på nettet!

    SvarSlett