søndag 22. mars 2009

Gråtonar

I dag tok eg meg tid til ein fjelltur på føremiddagen. Fjelltur og fjelltur, eg bur midt i turløypa, det er berre å stige oppi skorne og gå opp på dei lokale "toppane". Om dei ikkje er så høge, så er der likevel utsikt. Mot aust ser vi sentrum av bygda med dei tradisjonsrike skipsverfta, heldigvis har dei arbeid enno slik at dei held hjula i sving både i år og neste år.


Mot vest ligg indre Herøy med Herøybrua, og Skorpa kan skimtast i det fjerne.

Ser vi i nordleg retning kan vi ane konturane av Runde lengst ute.

Mot sørvest er Vanylvsfjella blikkfang, og i forgrunnen kan eg skimte heimen min som ein liten kvit firkant i skogkanten.


I dag var alt saman pakka inn i eit slørlag i gråtonar, når eg i tillegg bruker mobilen min som kamera, blir det heile enda meir utviska...

2 kommentarer:

  1. Tusen takk for kommentar.

    Herleg å sjå frå heimstaden din.
    Sjølv er eg ferdig med alle elev- og utviklingssamtalar. Ei travel tid når ein har 29 elevar i klassa. Frå i morga av er eg sjukmeld ein månad. Skal ta ein liten operasjon, og må halde meg ro i etterkant. Då vert det kanskje betre tid til blogging.

    Lykke til med dine samtalar:-)

    SvarSlett
  2. Veldig flott på Møre!
    Jeg har ei barndomsveninde som er gift og bor på Berknes utenfor Volda, og var på hennes 50årsdag for noen år siden.Det var i begynnelsen av mai og flott vær,jeg ble så fsinert av alle Rododendron i alle regnbuens farger dere hadde der nede.
    Og den flotte naturen var en opplevelse for meg.Så du kan godt være stolt av heimplassen din.

    SvarSlett