tirsdag 21. april 2009

Sveler - også tradisjonsmat

Her er Luca på 12 årsdagen sin med ei svele i handa.
Sveler er absolutt noko av det han likar best, særleg Besta sine sveler, ja, han likar dei faktisk så godt at då han var liten så var han bekymra for at sveleoppskrifta skulle gå tapt, og kom med følgjande uttale (som han har fått høyrt eit utal av gongar sidan):
"Mamma, du må skunde deg å få oppskrifta på sveler før ho Besta døyr!"

No er ikkje mora hans av dei som forhastar seg med slike ting, så eg tenkte at det kanskje kan vere lurt å legge oppskrifta ut på bloggen min, så blir ho teken vare på for ettertida:


BESTA SINE SVELER:

6 egg og ein liten kopp sukker / fruktose, piska til eggedosis,
1 l kefirmjølk, og gjerne ein skvett fløyte eller rjome,
1 l kveitemjøl,
1 ts av kvar: bakepulver, natron, hjortesalt og vaniljesukker.
Eg er så heldig at eg har steiketakke, så eg kan steike fire til fem sveler om gongen. Etter tradisjonen bruker vi smør og sukker på svelene, men dei smakar også godt med jordbærsylte eller brunost.

5 kommentarer:

  1. Skjønar godt at guten likar svelene.....dei er nok kjempegode. Me brukar omtrent lik oppskrift og kallar dei lappar. ( Foresten, eg brukar ikkje både bakepulver, natron og hjortesalt). kanskje det må prøvast???

    SvarSlett
  2. Deilige sveler:-)
    Kom på ei lita historie frå då eg var student og pendla til Fagerlia, der eg var i praksis. Eg sat i kaffeen på ferja, og der kom Wenche Foss, og Skagestad og sette seg. Dei hadde sjølvsagt kjøpt seg sveler. Eg greidde ikkje å halde meg, og fortalde om då Dronning Sonja åt sveler på ferja med kniv og gaffel:-) Så lærte eg dei korleis dei egentleg skulle halde svelene "svelegrepet". Ser at Luca har det rette handlaget ja:-)

    SvarSlett
  3. Skjønner at Luca smiler sitt flotteste smil når han blir servert slike godsaker av Besta.
    Skal dem stekes i steikepanne om en ikke har takke da,hadde vært artig og prøvd?
    Du er veldig flink med mat ser jeg.
    Jeg bor alene, etter at min samboer døde for tre år siden,og etter det blir det ikke så jeg lager stort annet enn diamat med unntak av når ungene og venner er her da!
    Men disse svelene kunne jeg virkelig ha tenkt meg,kjenner jeg meg rett,så blir det ikke bare spist en eller to da nei, som jeg bør tenke på!!!
    Er dem fine og fryse,eller egner dem seg ikke til det?
    Ønsker deg en fin dag!!!

    SvarSlett
  4. Ja,kven likar vel ikkje sveler..? Eller lappar som me kallar det her hjå oss..
    Det er litt forskjell i oppskrifta ser eg,og bestemte meg her og no for å prøva denne til punkt og prikke i helga!Skal på hytta og der har eg ikkje steiketakke,så det får bli halv oppskrift og steikepanna trur eg..
    Ha ei flott helg!

    SvarSlett
  5. Takk for oppskriften!! Skal servere sveler til en gjeng fra tyskland, så trengte de beste, og disse svelan er absolutt det!!!

    SvarSlett