fredag 7. august 2009

SELJA - KLOSTERØYA VED STADT.

På skiltet ved landingsplassen kan ein lese om den irske Synniva som stakk til sjøs saman med dei som ville følgje henne, i tre båtar utan segl, årar eller ror, for å sleppe unna ein heidensk viking som faren ville gifte henne bort til. Fylgjet let seg føre med straumar og vind til dei stranda på øya Selja ved Stadt. Her levde dei som gode kristne til nordmennene inne på fastlandet fekk det føre seg at dei hadde stole sauer frå dei. Då dei kom i båtane sine for å drepe Synniva og folket hennar, rømte desse opp i ei hole i fjellet og ba til Gud om å sleppe å bli tekne av desse heidningane. Dei vart bønnhøyrde; berget rausa ned, sjelene deira for til himmels, og dei som kom og skulle ta dei fann ingen.
Seinare såg nokre som segla forbi eit lys oppe i fjellsida, då dette fenomenet vart undersøkt nærare av kong Olav Tryggvason og bispen hans, fann dei "mannebein med god ange" i ura. Det vart bygt kyrkje på staden. I år 996 fann dei kristne kroppen til St.Synniva "heil og uskadd."

Synnivahola vart nytta som kor i kyrkja, medan den ytre delen, salen eller Michaelskyrkja var skipet i kyrkja.Truleg var relikvieskrinet med leivningane av St.Synniva oppbevart her.
På 1100-talet var øya godt etablert som martyrstad og pilgrimsmål, då bygde dei ein stor steinterasse utanfor hola som i samtida blei omtala som "det største manneverket i norderlanda".Denne steinterassen, som då var kvitkalka og godt synleg for dei som segla forbi, vart nytta under pilgrimsprosesjonar og markeringar av heilagdagar.
På 1100-talet vart også den vesle Synnivakyrkja bygt på den inste og eldste delen av terassen,denne stod ferdig på same tid som St. Albankyrkja nede på flata.Klosteret vart bygt av Benediktinerordenen, det hadde si storheitstid på 1200 - 1300-talet, fram til svartedauden øydela grunnlaget for drifta.
Etter reformasjonen vart det teke stein frå området til andre byggverk i kongeriget Danmark- Norge.

2 kommentarer:

  1. Det var eit interresant innlegg om klosterøya på Selje. Og så flotte bilete du har teke! Ha ei fin helg :)

    SvarSlett
  2. Der kunne eg tenkt meg å vore ein tur.Har tenkt på det mange gongar men det har aldri blitt noko av.Tenk for eit arbeid det har vore å bygge alt.

    SvarSlett