mandag 12. oktober 2009

Help me if you can!!!!

SPINNEFRUSTRASJONAR!
No er eg i gong og prøver ut rokken min, men det er ikkje berre enkelt med engelsk instruksjonsbok og engelskordboka bortstua ein eller annan stad...
Eg har øvd på å halde hjulet i gong og synest eg har vorte ganske flink til det, neste steg var å klargjere leiartråden og tvinne på fiber til ny tråd. Det gjekk også greitt.

Problemet mitt er at eg ikkje får til å spole opp den nye tråden eg spinn, i staden tvinnar han seg meir og meir. Eg snarar han opp på spolen manuelt og prøver igjen og igjen, men han let seg ikkje spole opp. Kva er gale? Skal spolen gå rundt saman med den dingsen med krokane på eller skal han stå i ro?


Håper på at ein spinnekyndig person ute i bloggverda ser ROPET mitt om HJELP og svarar meg:)

8 kommentarer:

  1. Hei.Både spolen og vingen skal gå rundt når du spinne. Kanskje den treng å smørjast litt her og der. Lukke til. Eg er her ei lita stund til, så berre ta kontakt :)

    SvarSlett
  2. Bra Bodil er der, jeg har glemt en masse! Men jeg ville huske at tråden skulle hektes på en krok, for der skulle tråden snurres på snella. Så skulle man flytte krok for å snurre tråd på snella litt lenger nede eller oppe...

    SvarSlett
  3. Så godt at du får råd! Jeg kan ikke hjelpe for jeg har ikke gjort annet enn å se på når andre har spunnet;) Lykke til ;) Klem1

    SvarSlett
  4. Eg veit ikkje svaret på det du spør om der, men eg trur at spolen og vingen går i same hastighet. Men det skal gå an å regulera kor raskt garnet tvinnar seg inn på spolen. Men eg veit ikkje korleis det fungerar på din rokk.

    SvarSlett
  5. Hei og god morgen! Håper du har fått det til. Viss ikkje lurer eg på om det kanskje kan vera noko med snora, eller snorene dersom det er dobbelsnor. Berre ein tanke eg fekk. Ha ein fin dag :)

    SvarSlett
  6. Det spørs om nokon i nærleiken kan kome og sjå på deg, evt vise deg det... Eg veit at Liv ned i marka der kan dette... eg har også lært det, men har ikkje praktisert det på nokre år. Lukke til! Du får det nok til...

    SvarSlett
  7. Hei! No lurer eg på korleis det går med deg og rokken. Håper du finn ut av det til slutt :)

    SvarSlett