fredag 18. desember 2009

Bokstaven M i Abc-leiken



Det er mykje og mangt som kan vere tema denne veka, men sidan eg er så godt i gong med mat og tradisjonar, vil eg ikkje gi meg med det enno.
Til eldre eg blir, til meir interessert blir eg i mat som er vanleg i det området eg høyrer til, både til kvardags og til fest.
Ein rett som eg trudde var både gammal og svært lokal, viser seg å vere berre rundt eitt hundre år, og oppskrifta som den lokale slaktaren bruker kjem frå Mellom-Europa.
Retten eg tenkjer på er noko som vi alltid har på bordet julafta, i tillegg til pinnekjøtet, nemleg môr.
Môr er ei slags pølse som er laga av grovmalt kjøt, tilsett ein god slump spekk, krydra med ingefær, nellik og allehånde. I barndommen min var her tre slaktarar i bygda, og kvar familie hadde sin favoritt, særleg når ein skulle handle inn môr til jul. No er det berre ein slaktar att, tredje - eller fjerde generasjon, som trufast følgjer oppskrifta til beste- eller oldefaren sin.
Oppskrifta fekk den første slaktar Brudevoll fatt i ein gong keisar Wilhelm II var på tur langs Vestlandet.
Han hadde med ein heil stab av ulike yrkesgrupper ombord i skipet sitt, mellom anna eigne slaktarar. Når dei trengte kjøt, kjøpte dei heile dyr som dei slakta, og utnytta alle delar av. Den unge slaktaren, som seinare etablerte seg i Ulsteinvik, fekk vere med og hjelpe til når dei kongeleg kokkane skulle stelle kjøtet, og slik fekk han oppskrifta på den populære Brudevollmôren som mange berre MÅ ha til jul.

Dei siste åra har eg laga môren sjølv, det heiter å môre. Men litt juksing blir det, eg kjøper kjøtet ferdig malt, klar for krydring. Blandingsforholdet mellom dei ulike kyddersortane er litt tilfeldig, og eg må alltid slenge i litt pepar, sjølv om det ikkje høyrer med i oppskrifta. Så køyrer eg det gjennom kjøtkverna som blir påmontert pølsehorn for høvet. Vanlegvis er dette noko eldstejenta mi hjelper til med, men i år var ho sjuk og då måtte gubben sjølv trå til, så no har han stor tru på at denne årgangen av môr blir ekstra god:)



Til venstre på biletet er det svinekjøt / -môr, på høgre sida fårekjøt / -môr.

Andre M-ar eg kan presentere er mellomste jenta mi, Marte,


og jenta hennar, Marylin, som var glad og fornøgd Lucia sist søndag.


Vil du sjå og lese andre sine M-bidrag, finn du dei om du går via ABC-tema på høgresida mi. Eg får ikkje lage lenkje på bloggen min i dag, utan at eg forstår grunnen til det......

17 kommentarer:

  1. Å så spennende det så ut til å lage egne pølser/morr. Vi har snakket om at vi har lyst til å prøve dette engang. Men foreløpig er det ikke testet ut.Ha en riktig god uke!

    SvarSlett
  2. Å lage mat er en kunst egentlig - i alle fall å lage god mat og skal ma lage mat som alle i familien liker, så må man være tryllekunstner!!!
    Herlige bilder av jentene:)

    SvarSlett
  3. När jag var liten slaktade vi alltid och så gjordes korv mm mm. Det var kul att vara med och hjälpa till, och god korv blev det... Men det var länge sedan, och nu köper jag all julmaten i affären.
    Trevlig helg!

    SvarSlett
  4. Det ligner jo en medisterpølse, men med de mange krydderier i bliver det nok noget helt specielt!

    SvarSlett
  5. Mmm, mår eg godt:0) Av dei kjøpte svergar eg til Strandamåren....
    Heimelaga har eg aldri prøvd meg på, men har vore med å laga pølser, og dei smakte i alle fall fortreffeleg!!

    SvarSlett
  6. No vart eg endå meir imponert av deg, Kristin-mor! Du sluttar visst aldri å imponere! Eg har laga mor berre to gongar, og det har vore i samarbeid med fleire. Eg held tradisjon tru med å kjøpe ferdiglaga Brudevoll-mør. Den brukar me henge på mørkeloftet nokre dagar til speking, for so å leggast i frysaren, klar til julemiddagen og nyttårsmiddagen. Berre då! Vel, ei prøvesmaking høyrer også med...

    SvarSlett
  7. Hei, ja eg har att fleire sjal i englemaske og kjærleiksknute... Det er berre å kome:) Nei, døgnet har diverre berre 24 timar, og ca 8 av dei treng iallfall eg til søvn. Litt annleis for deg, ettersom eg forsto:)Go klem tilbake

    SvarSlett
  8. Nam, den pølsa så god ut!
    Og for en nydelig Lucia! :-D

    SvarSlett
  9. Så flink du er. Det såg godt ut :)

    SvarSlett
  10. Slike pølser er bare helt herlige.
    Bare så synd nesteningen lnegre har tid til å lage slike.
    Forøvrige herlige bilder til å bli glad for å se

    ha en riktig flott jul

    SvarSlett
  11. Heisann!
    Flott at du gir oss av lokalhistoria di!
    Setter pris på det ;:OD

    SvarSlett
  12. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  13. Skikkelig koselig og gammeldags julestemning inne hos deg i dag, nesten så en kjenner julelukta helt hit:o)
    Ønsker deg fortsatt noen fine førjulsdager og så ønsker jeg deg ei riktig så God Jul og att du koser deg masse Kristin.
    Gode tanker og juleklem fra Jorid!!

    SvarSlett
  14. Så fin og interessant løsning på M-.....!
    Dette så riktig godt ut ! Det er så fasinerende å lese om forskjellige tradisjoner i juleforberedelsene! Førjulshilsen til deg fra bestemor !

    SvarSlett
  15. Ønsker deg og dine ei riktig GOD JUL og et GODT NYTT ÅR.
    Takk for et koselig blogg år.
    Klem fra Sonja.

    SvarSlett
  16. Heihei! Jeg har en liten overraskelse til deg på bloggen min. Hvis du vil være "med på leken", så send meg navn og adresse til ml-taral@online.no

    Ha en fin kveld!

    SvarSlett
  17. Bare innom en snartur for å ønske deg en riktig god jul.
    Juleklem fra wigdis

    SvarSlett