onsdag 30. desember 2009

Eit produkt frå eigenspunnen tråd

Eg er litt gjerrig når det gjeld tråden eg spinn, rett nok trur eg det lett kan bli for lite om eg set i gong å strikke noko av han, for det er jo ikkje så mange metrane i ei hundregramshespe. Men det er også det at det er kjekt å samle på tråden og samanlikne etterkvart som nye hesper blir ferdige. Likevel er eg klar over at det har liten hensikt å drive og spinne om eg ikkje skal bruke tråden, så no har eg "ofra" den blå hespa. Eg har strikka ein stjernehals, oppskrifta fann eg hos Ingrids ull og tull i oktober.

Det var forbausande greitt å strikke av tråden, eg frykta at han kom til å dele seg, men det var ikkje noko problem. Temmeleg ujamn tjukkleik må eg vedgå at det var, utan at eg synest det gjer så mykje for det endelege produktet.


No spørs det om eg finn nokon som toler å ha kløande ull rett mot huda, kanskje blir det eg sjølv som må bruke stjernehalsen:) Det gjekk ikkje med så mykje som eg hadde rekna med, så kanskje får eg nok til pulsvantar i tillegg.

6 kommentarer:

  1. Tøff du, som tør å strikke av egetspunnet garn :) Følger gjerne med på hva du finner på fremover :)

    SvarSlett
  2. Er verkeleg imponert over tolmodigheita og dyktigheita di........må vere stas å strikke av sjølvspunne garn.

    SvarSlett
  3. Supert. Flott garn, og flott hals! Du er kjekpeflink! Ha eit godt nytt år :)

    SvarSlett
  4. Så fin krage, helt egenhändigt spunnet garn! Det är nog inte så lätt att veta hur långt man kommer då, men din hespe höll ju långt. Detta drömmer jag om att kunna göra..Tänkte egentligen se lite närmare på owwe, men fastnade här så, Gott nytt år:)

    SvarSlett
  5. Den blei veldig fin, og skikkelig handmade.
    Så flink du er.
    Har prøvd å spinne, det var ikke lett.
    Morro at du ville bli med i Giveawayen min.
    Klem fra Kate

    SvarSlett
  6. Gratulerer med flott kreasjon! Du er bra flink, Kristin! Godt nytt år til deg og dine! Vonar å finne deg både i bloggverda og i verkeligheita det i det nye året. Varm klem frå Anita

    SvarSlett