fredag 11. desember 2009

L

Eg er lærling på tredje året - i lefsebakarfaget. Det er ei langdryg læretid, spørsmålet er om eg nokon gong kjem så langt at eg kan kalle meg lefsebakarmeister. 
Saka er den at lefser, det er festmat, ein bakar ikkje lefser i tide og utide! Dermed blir det langt mellom kvar gong ein får øve seg i faget. 
Første året baka eg lefser til jul.
Året etter var det både konfirmasjon og åttifemårsdag i familien, i tillegg til jul, då fekk eg mykje bakeøving. I år har eg berre baka til jul igjen,
Det seier seg sjølv at på denne måten er sjansen til å bli utlært svært liten, men eg gir meg ikkje, eg set i gong å bake med like stor iver og optimisme kvar gong, og resultatet blir forunderleg likt - kvar gong: Gode, men litt for små, og litt for tjukke lefser.



Fornufta seier meg at eg bør konsultere ein garva lefsebakar og snappe opp eit råd eller to om korleis bake leiven tynn nok, men optimismen sigrar over fornufta kvart år: Eg skal nok få lefsene betre etter kvart. Difor sit eg her i år igjen med ein haug med gode, litt for tjukke lefser som familien heldigvis et og skryt av. Dei er ikkje betre vane, nemleg:) 



Eg må ta med kva som høyrer med til den sunnmørske lefsetradisjonen: SØST!
Eit langtidskokt mjølkeprodukt, basert på heilmjølk og kefir, tilsett sirup, krydra med kanel og anis, smaksett med rosiner, og jevna med kveitemjøl.
Søst fekk eg til å lage, utan oppskrift. Eg har eit vagt barndomsminne om byggryn i søsten, så eg gjorde eit forsøk med det i eine halvparten, og etter mi meining vart det akkurat rette smaken:)
Slik et vi lefser med søst på Sunnmøre:



I dag var siste barnehagedag før den 13. desember, difor var eg invitert på Luciafeiring i barnehagen til Oliver. Han var ein flott stjernegut og Besta var kjempekry over at han song så fint og huska tekstene på songane! Etter prosesjonen fekk vi kaffi, saft, lussekattar og julebakst. Mateo, skulegut, var med meg som publikum i år.

Lærling, lefser og Lucia er mine L-ar, sjå elles her  kva andre skriv på L.


11 kommentarer:

  1. Nam nam, jeg får lyst til å komme og smake.

    God helg.

    SvarSlett
  2. lefser er så digg , men vår faste lefsebaker gikk bort i år, og vi har ike funnet noen ny, og butikk kjøpte er ikke det samme . Sulten ...jahhh. F

    SvarSlett
  3. Hvis lefser er festmad, og du mangler øvelse, så må du da bare til at holde nogle flere fester. Det er vel den eneste løsning på det problem! ;-)

    SvarSlett
  4. Ja - her er vi ude i noget meget norsk, som vist ikke hører til dansk bagetradition:-)

    SvarSlett
  5. Eg har fått den idèen i år, at eg skal bake lefser til jul. Problemet er berre at eg særdeles dårleg i å handtere kjevle.....kan bake lefser som SKAL vere tjukke....men tynne?
    Mor mi var fantastisk flink å lage lefser og flatbrød...og eg har mang ein gong angra på at eg ikkje lærde kunsten medan ho bakte......
    Men eg har lyst å prøve...."Det kan ikkje gå anna enn gale", som ho Margrete Holt i "det fikser P1, seier.
    Me får sjå.....
    God helg til deg!

    SvarSlett
  6. Du e så flink at!! Jeg og to svigerinner lager sammen og vi har tatt over tradisjonen etter svigermor. Siste året før ho gikk bort lærte ho oss kunsten. Det er no snart 13år sia. Øving gjær mester hetes det menikkje for deg for detta KAN du ser jeg..

    SvarSlett
  7. Lefser är väl typiskt norskt tror jag och vädigt gott, så skryt ska ni ha. Jag har aldrig smakat med 'søst', är det gott alltså? Jag kan inte se att dina är så tjocka, de ser bara helsmarriga ut :)

    SvarSlett
  8. Det ser no ut for meg at du kan kunsten :) Ha ei fin helg :)

    SvarSlett
  9. Lefser er det beste!!! Tror det er noe alle liker!

    SvarSlett
  10. Tjukke lefser er kjempegode, de og! Mora mi var en racer til å bake lefser. Hun bakte bl.a. noen som vi kalte for lofotlefser. De var harde som flatbrød, og hadde tilnærmet ubegrenset holdbarhet. Når de skulle smøres, så slo vi først varmt vann over de, og lot de ligge en stund under kjøkkenhåndklær, slik at de ble myke. Så ble de smurt med smør, sukker og kanel. Jumjum! Dessverre har det aldri blitt noen lefsebaker av meg, men det er kanskje aldri for seint å lære. En flott L!

    SvarSlett
  11. Å de så kjempegode ut de lefsene du baker! En vakker dag skal jeg hive meg ut i det og prøve jeg også (mest sannsynlig før jul) Ha en flott uke!

    SvarSlett