mandag 1. februar 2010

Ull frå utegangar-sau.

I dag har eg hatt besøk av Anita - ANE - ho med Hagebø-bloggen. Ho har lånt ein handtein med meg og fått sansen for spinning:) I dag kom ho med ubehandla ull frå utegangar-sau, eller vikingsau. Eg sa at eg har lese om vasking av ull i vaskepose, så kan ein karde og spinne ulla etterpå. Men nei, Anita har delteke på eit spinnekurs ein gong for lenge sidan, og då kurshaldaren der fekk sjå ulla, og kjenne på kvaliteten, så meinte han at slik ull skal ikkje kardast!


Dette verka spennande, så eg måtte berre prøve og sjå korleis fibrane reagerte når eg begynte å trekke og dra i dei. Og jammen let ulla seg drafte, eg kunne drage ut lange lengder rett frå ullkrullen! Så var det berre å sette seg til rokken og prøve om det gjekk å spinne dei drafta lengdene.
Ullfiberet er ganske seigt, fullt av lanolin - og ein del rusk -, men tråden vart fin:) Nydeleg melering i den grå ulla, den brune har eg ikkje fått prøvt enno, men fargen er fantastisk flott!
Trur nok eg må ta meg ein tur bort til Linda som eig sauene og sjå om der er meir ullfiber å hente!


Korleis ubehandla ull luktar? SAU!

9 kommentarer:

  1. Ja, dette lukta og så ut som skikkelig råvare!
    Men det blir vel noe lekkert til slutt;)

    Ha ei god uke og klem fra meg;)

    SvarSlett
  2. så kjekt å lage ting VIRKELIG fra bunnen av. Gleder med til å se hva dette blir.

    SvarSlett
  3. Jeg synes at dette minner om svunne tider og flott at slike ting blir holdt i hevd;)
    Ha en fin spinneuke! Klem;))

    SvarSlett
  4. Interessant! Og så fint garn det vart :)

    SvarSlett
  5. Dette ser verkeleg spennande ut. Desverre så har eg aldri lært å karde og spinne ull..

    SvarSlett
  6. Spennende, en lærer stadig noe nytt her i bloggverden. Så flink du er, tenk å lage så fint garn uten å karde først.

    SvarSlett
  7. Det må da være ekstra fin ull som bare kan dras ut og ikke kardes. Sikkert veldig god å jobbe med. Jeg synes det lukter godt av slik ull og så blir en så glatt og fin på fingrene etterpå.

    Ha en fin helg.

    SvarSlett
  8. Takk for koseleg kommentar! Eg synest slett ikkje at det gjer noko om du hermar etter meg med sjalstrikking. Det er berre koseleg. Det er to-trådsgarn eg har spunne til alle sjala. Ha ein fin kveld :)

    SvarSlett