fredag 12. februar 2010

Ulla var frå Ulsteinvik

......song ein sogning for nokre år sidan, eg har litt ull av sauer frå Ulstein så den ulla er frå Ulsteinvik, men eg kjenner ikkje nokon som heiter Ulla:)
Ulstein er ein av to kommunar som ligg på Hareidlandet, ei øy sørvest for Ålesund. Ulstein kommune er mest kjend for skipsindustrien og fotballaget Hødd. Men her er mange andre goder som vi godt kan skrive om:
I nordenden av øya finn vi Flø, med havet rett imot er naturen og lyset der vel verdt eit besøk. Dei seinare åra har Flø vorte "trendstaden" i kommunen, fleire unge har bygt seg hus på den forblåste stripa mellom fjell og fjøre, eit fotogalleri er opna, og eigaren har fått fleire verdskjende kunstnarar til å stille ut hos seg. Han har også opna Moods of Norway-butikk, og siste kolleksjonen deira blir lansert frå Flø:)

I kommunen vår er det mange fine viker, øyar og holmar for dei som likar båtlivet, og det er ikkje langt ut til gode fiskefelt. Terrenget er variert, og her er mange fine turmål for dei som trivest med å gå på fjellet.

Kommunesenteret, Ulsteinvik ligg lunt til, senteret har vakse raskt dei siste åra, både når det gjeld butikkar, kulturbygg og husvære.

Frå favorittfjellet mitt, Hasundhornet, er utsikta mot Ulsteinvik slik:




Andre flotte U-ar kan du sjå om du kikkar deg inn her.

15 kommentarer:

  1. Nydelige bilder. Vi har tenkt oss ein tur på nordvestlandet til sommaren der Ålesund er eit av måla. Det er ein del år sida vi var der sist, så nå er det på tide med ein ny tur. Ønsker deg ei flott helg !!!

    SvarSlett
  2. Det frister virkelig å besøke din kant av landet:)

    SvarSlett
  3. Fantastiske billeder! Wauw.

    SvarSlett
  4. Visst er det fint i Ulsteinvik, men vi har det veldig bra på andre sida av Eidet også:)

    Kjekt å sjå bloggarar frå nærområdet!

    SvarSlett
  5. Ull fra Ulsteinvik må være den ultimate U :)

    SvarSlett
  6. Flott U. Tror jeg kjente en fra Ulsteinvik en gang i tida ;) hmmmm.

    SvarSlett
  7. For noen fine bilder...God helg!

    SvarSlett
  8. Hei...
    Koselig blogg du har.Håper det er greit at jeg følger deg?
    Jeg mimrer litt når jeg ser dine bilder.
    Har slekt som bor i Ulsteinvik,og min lillebror bodde noen år på Sundgot.
    En ferie leide vi feriehus på Flø,var ute og fisket og koste oss...Men det må være værhardt på vinteren?
    Er enig med deg at Hasund hornet er en fin plass å gå tur.
    når man kommer opp så er det en fantastisk utsikt.
    Men dessverre så har jeg ikke vært der oppe siden 97...men det kan bli igjen.hvem vet..

    Ha en fin helg

    Mvh Wenche

    SvarSlett
  9. Härliga bilder! Vacker utsikt!
    Trevlig helg!

    SvarSlett
  10. Å, der var det vakkert. God helg!

    SvarSlett
  11. Du bor på en vakker plass! Jeg har vært der, men det er visst lenge siden. Er så glad i fylket ditt, for det ligner på Nordland fylke (hvor jeg bor) :-)
    God helg!

    SvarSlett
  12. Et flott sted , som det sikkert er fint å bo . og vakre bilder . ha en fin helg videre F

    SvarSlett
  13. For et flott utsiktspunkt!
    Fine bilder!
    Kjekt å se igjen Ulsteinvik, noen år siden sist jeg var der.
    Takker for kommentaren hos meg i dag;-)

    SvarSlett
  14. Hei igjen! Takk for gode ord! Produktiv er vel å ta hardt i... Det er "gammalt skrot" he,he... Tok berre og systematiserte litt annleis. Bestille bilete JA, det kan du nok. Me vert nok einige om eitkvart, tenkjer eg... Tenkte kome innom med handtein og film. Har verkeleg fått dreisen på handteinen. Eg vil ha ein slik ein som berre er min. Kanskje eg kan kjøpe din, no som du er hekta på rokkehjulet??? Når det gjeld utfordringa so er den ganske interesann. Får sjå! Har nokre idear på innlegg framover... Ha ei god veke. PS! Hugsar godt songen Ulla frå Ulsteinvik. Morosamt! Kva med utegongarsau? Kanskje du skal eige i ein hos Oddmund, so du kan ta ulla av...hehe Klem

    SvarSlett
  15. Herlig g spennende sted med utrolige driftige innbyggere.
    Har vært der, på jobb, men det er lenge siden.

    Ha en flott uke

    SvarSlett