torsdag 11. februar 2010

Utfordring.

Er det noko eg har problem med her i livet, så er det å stå imot utfordringar. Det kan sjølvsagt føre meg opp i mange vanskelege situasjonar, men denne gongen er det heldigvis ei overkomeleg utfordring Mormonsen har gitt meg: Skriv om nyttige reiskapar du har bruk for i kvardagen.

I jobbsamanheng er den nyttigaste reiskapen utan tvil den vesle firkanta boksen som eg opnar så snart eg er på plass om morgonen, og den siste eg let att før eg går heim langt ut på ettermiddagen: Pc-en.



Før denne forhatte, men velsigna reiskapen vart fast inventar på arbeidsroma rundt om på skulane, gjekk det med uendeleg mange timar til å lage skjema, med linjal og tusj som hjelpemiddel, du veit, det er haugevis med planar som skal lagast på ein skule: Fagplanar, vekeplanar, dagplanar, møteplanar, planar for individuell opplæring og planar for spesielle tiltak. Det skal også lagast oversikter over ulike oppgåver som elevane skal utføre, oversikt over fjell-, idretts- og skidagar osb.

Nesten heilt fram til årtusenskiftet var den viktigaste reiskapen blyant /penn / tusj og linjal. Alle planar var handskrivne, ei god hjelp var blanko og kopimaskin, men samanlikna med alle mulegheiter vi har fått med pc-en når det gjeld kopiering, redigering, endring av layout og oppsett,var den gamle måten berre tungvindt og seindrektig.

I heimen er eg visst eit veldig rørete menneske,i alle fall er rørereiskapar det eg synest er viktigast. Vi har ein visp som vi fekk i bryllypspresang, saman med mange andre nyttige gjenstander til heimen, og denne vispen passar eg på som om han skulle vere gullbelagt! Etter mange og tredve år er han både "furet og værbitt" og eg fryktar at loddinga mellom visp og handtak kan gå opp kva dag som helst, og så finn eg ikkje noko som kan erstatte han!



Den gamle ballongvispen er ok til sitt bruk, og det har kome i hus ein fancy sak med blankt, fint stålhandtak, men som visp gjer han ikkje nytta. Det einaste som delvis kan måle seg med gamlevispen er to sjølvlaga rørereiskapar i furu.



Men kven veit, kanskje nokon finn akkurat ein slik visp på ein loppemarknad eller brukthandel og sender til meg - det har hendt før at omtenksame medbloggarar har trådt til og sendt meg det eg har ønskt meg:)

7 kommentarer:

  1. Så mye bra du fikk laga her ut fra den kommentaren. Jeg har akkurat hatt en lang telefonprat med ei gammel venninne, og vi snakket om hvilken revolusjon PC og Internet har laget, både på jobb og hjemme.
    Og jeg lo og humra da jeg leste om vispen din. Jeg har samme forholdet til en potetskreller (av alt), som med årene er blitt så tynnslitt, så jeg venter hver gang på at den kommer til å knele. Har kjøpt meg en ny av samme type, men får ikke samme dreisen på skrellinga med den. Jeg skal se etter visper til deg på loppemarked!
    Klem

    SvarSlett
  2. Korrigering: Så mye bra du fikk laget ut av den utfordringa! (Tenk om jeg kunne lære meg til å lese korrektur før jeg publiserte)

    SvarSlett
  3. Hei slik en visp så jeg på et loppemarked i Sverige! Hadde jeg enda kjøpt den skulle du fått den ! Jeg sverger nemlig til spiralvisp!!
    Ha en god natt! Klemfra Casper og meg;)

    SvarSlett
  4. Det er inte alltid det nyaste och dyraste som är det bästa. Jag har i många år haft min favorit träslev, den gick i två här i höstas och ingen andra är lika bra. Jag förstår dig gott att du håller hårt om vispen :)

    SvarSlett
  5. Reine Valentin-laptopen du har,du.. så raud og fin og delikat at..!
    Vispen kan eg ikkje hjelpa med her og no,men skal ha den i tankane om eg er på bruktbutikkar.Finn eg ein,skal eg kjøpa til deg.
    Og som Mia over her seier,det er ikkje alltid det er det nyaste og finaste som er det beste.
    Ha ei riktig god helg og feir i veg:0)

    SvarSlett
  6. Hei! Ja, eg skal jammen finne deg ein slik visp...ein eller annan gong. Og datamaskina har komt for å bli verande. Eg trudde aldri at eg skulle site so mykje med den, og aldri trudde eg at blogg og facebook skulle engasjere meg so mykje...So feil kan ein ta. Det hadde nesten vore kjekt å ta utfordringa du fekk... Må berre tenkje litt på det. OG ja, eg kjem på besøk snart. Må levere filmen som eg lånte, og levere handteinen. Blir lite av dette med meg... Snakkast, og GOD HELG!

    SvarSlett
  7. Og jeg har aldri sett en slik visp før nå! Så jeg kan nok ikke hjelpe deg!
    Kanskje Villmarkstausa kan, ho bor nær en bruktbutikk!

    SvarSlett