torsdag 14. januar 2010

Stjernekrage i vaksen storleik

No har eg strikka ny stjernekrage, denne gongen til mistejenta som frys i vinterkulden. Oppskrifta er den same som eg brukte på barnekragen, men no auka eg kvar femte omgong i staden for kvar fjerde.
Eg strikka av den andre trådhespa eg spann, i september, ei blanding av ull og alpakka, hundre gram, spunne på handtein, ujamn og tjukk, men god å strikke av:)

Ei noko uvilleg frøken stilte som modell, ho er lite interessert i å bli blanda inn i blogginga mi, men her er resultatet:





Den blå kragen fekk eg nesten gitt bort til Oliver, men så var det nokon, eg skal ikkje nemne namn, som spurde om han hadde fått seg skjørt, dermed var han ikkje interessert i kragen meir. Eg fekk knipsa eit bilete av han før han ombestemte seg, og retteleg fin vart han, synest no i alle fall Besta:

5 kommentarer:

  1. Dumme kommentarer har det med det å bare ploppe opp. Huff. Men halsene ble fine!

    SvarSlett
  2. De var kjempefine og praktiske!!! Så dumt med slike tøysete kommentarer, gutten så jo såå fin ut med kragen!
    Ha ei flott helg og klem fra meg;)

    SvarSlett
  3. Nei og nei, tenk å kalle den gode kragen for skjørt da. Skulle tatt tak i øreflippen og dratt litt der kanskje :) Kjekke krager som holder seg på plass dette.

    God helg.

    SvarSlett
  4. Stjernehals til voksne,det har eg ikkje tenkt på.Kanskje det kunne vere noko for hestejenta her i huset som er mykje ute.
    Synd med han som ombestemte seg for han var så fin i stjernehalsen.

    SvarSlett
  5. Så flott garn du har spunne, og så flotte halsar det vart :) Flotte modellar du har og!

    SvarSlett