
Det er mange måtar å vere kreativ på, mannen min, t.d. er håplaust lite oppfinnsam når det gjeld matlaging og huslege syslar, men er det noko som treng å reparerast, kan han få orden på det meste ved hjelp av det han har av ting og tang som han har samla på (han kastar ingen ting så lenge han har oppbevaringsplass).
I slekta hans finn ein båtbyggjarar i fleire generasjonar tilbake i tid, båtar er også eit av interessefelta til mannen min, men dei skal helst sjå litt annleis ut enn vanlege båtskrog....
Det spørs om han set i gong med "prosjekt båtbygging" når han blir pensjonist om nokre år....
Noko anna som interesserer og fascinerer han er bølgjer, kjem det ein storm frå nord, må han til Flø, det mest verharde området i kommunen, og sjå på bølgjene.
Denne fascinasjonen gjeld ikkje berre synet av bølgjene, men like mykje krafta - energien - som er i dei. I årevis har han sysla med tanken på korleis utnytte denne energien i form av eit bølgjekraftverk. I 2005 bygde han ein modell som han trudde han skulle få prøve ut i havbassenget ved NTNU, noko som ikkje gjekk i orden, og same året fekk han patent på bølgjekraftverket.

Etter som åra har gått har han vidareutvikla idéen sin, slik at modellen han laga ikkje lenger er aktuell, så no står han der i hagen vår til ingen nytte.

Familia har laga mange vitsar om bruksområdet til modellen, han er ikkje vakker der han står, det kunne lett ha blitt eit irritasjonsmoment, men eg prøver heile tida å sjå på OWWE, som han heiter, som eit symbol på stå-på-vilje og handlekraft, eit forsøk på å få gjort noko med det han trur på og brenn for:)

Mannen min har si eiga heimeside der du kan sjå og lese om idéen hans om du vil:
www.owwe.net