fredag 13. mars 2009

Påskepynt

Av ein eller annan merkeleg grunn så har eg mykje meir heimelaga påskepynt enn julepynt, både ting som borna og borneborna mine har laga og ting eg har laga sjølv.

Etter litt fundering på kvifor, er eg komen til den konklusjonen at det er rett og slett fordi eg er så glad i mange og sterke fargar, og når våren kjem får vi lyst til å omgi oss med lyse, lette fargar. Det er i grunnen slik med meg at det andre kallar grelle fargar, det kallar eg fargerikt og fint.


Det var difor ikkje til å unngå at eg måtte prøve meg på tova kyllingar når eg kom over dette bilete på ein pakke ull frå Panduro:




Det vart fyrst ein grøn

så ein rosa







og ein kvit














Med filtenål går det som ein leik å feste dottar, venger og kam på kyllingane.


Så her sit dei og er noko ustøe




No må eg oppsøke ein bokhandel med Panduro-avdeling og sjå om eg kan få tak i bein så kyllingane blir meir stødige når dei skal stå.

2 kommentarer:

  1. Kjempesøte disse fargeglade kyllingene du har laga.Har du tova og forma dem sjøl, eller var det sånn halv-ferdig-pakke fra Panduro?
    Trivelig vårtegn med kyllinger og fastelavensris pyntet med fjær i skarpe farger,for min del henger det i fra barndommen,da jeg ble glad når Mor pyntet med disse skarpe fagene og vi gledet oss kanskje mere til høytiden.

    SvarSlett
  2. Eg har forma dei sjølv, ja, dei blir litt forskjellige, det er ikkje så enkelt, må vere veldig forsiktig i starten så ikkje heile ullballen skal bli rynkete og stygg. Kjekt at du likte dei. No er klassa mi i gong med kyllingar til påske, det var ein hektisk skuletime då alle skulle begynne, eg sprang rundt heile timen, men no ser vi at det skal bli mange herlege kyllingfigurar etterkvart:)

    SvarSlett